Vellukka jubileumstur

Det vart ein vellukka tur til grensepunktet for dei tre tidlegare kommunane Fusa, Hålandsdal og Strandvik søndag 17. august. Den bortgøymte stemnestaden yrte av folk  og "Mellom bakka og berg" ljoma ut over den elles så fredlege Langedalen. 

Tre startpunkt

Jubileumsturen hadde startpunkt i kvar av dei tre tidlegare herada Fusa, Hålandsdal og Strandvik. I Hålandsdalen gjekk turen frå ytste Røo med Leiv Rød som turleiar. Frå Fusa gjekk turen frå Leiro med Terje Raunsgard som los. Frå gamle Strandvik herad gjekk turen frå Sævareid med Olav Sævareid som kjentmann.

Strabasiøs tur

Målet var det gamle grensepunktet i utmarka til gardane Sævareid på Strandviksida, Rongestveit i Hålandsdalen og Eikeland i gamle Fusa kommune. Trass i få høgdemeter vart det ein strabasiøs tur med vandring i myrar, klyving i liar og vandring over haug og hammar i eit uvegsamt terreng. Lettaste vegen var truleg frå Sævareid og tyngste og lengste turen fekk dei som starta frå Leiro i Eikelandsosen.

Avduking i bekkefar

Vel framme sto ordførar Hans Vindenes for avdukinga av eit kommunevåpen på same kampesteinen der grensekrossen står. Kommunevåpenet var ei gåva frå Fusa vidaregåande skule, laga av elevar og lærarar i dei mekaniske

Flott utsyn
Grensepunktet ligg midt i eit bekkefar og for å koma bort frå bekkebrus samla turfølgjet seg på ein fjellknaus ovom med flott utsyn over Langedalen. Leiar i Fusa turlag Terje Raunsgard ønskte då velkomen og ordførar Hans Vindenes heldt ein kort tale. Turfølgjet fekk utdelt ein faldar med ei kort kommunehistorie som gjorde grei for endringane i kommunegrensene frå 1837 og fram til i dag. Alle på turen fekk også ein pin med Fusa kommune sitt kommunevåpen som "deltakarpremie".

Før avgang var det allsong med Mellom bakkar og berg. Dei som er nysjerrige på kor denne staden ligg kan sjå på kartet. Turen er no greit merka frå Sævareid for dei som ønskjer å ta ut på eiga hand. God tur! 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 25.08.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30