Vassforsyning og avlaupshandtering

Private fellesvassverk står for vassforsyninga i dei fleste bygdene i Fusa. Det offentlege vassverket forsyner Eikelandsosen og deler av Hålandsdalen. Også avlaupshandteringa vert sytt for både av kommunale og private aktørar.

Eikelandsosen og Holdhus vassverk

  • Det offentlege vassverket har to vasskjelder, Helland og Skjelbreid. Begge er grunnvasskjelder.

  • Det er bygd reinseanlegg ved desse vasskjeldene.

  • Vassverket forsyner Eikelandsosen og Hålandsdalen opp til og med Holdhus.

  • Kommunen sitt vassverk har 25,1 km hovudleidningsnett.

Private vassverk

I andre deler av kommunen står private fellesvassverk for vassforsyninga:

  • Nordtveit vassverk - skipa 1977, i drift 1981, kjelde: Vetlevatnet, forsyner husstandar frå Hjartnes til Hjartåker

  • Baldersheim vassverk - skipa 1978, i drift 1980, kjelde: Laugarvatnet, forsyner husstandar frå Revne til Solvang.

  • Sævareid vassverk - skipa 1980, ferdig 1982, kjelde: Laugarvatnet, forsyner husstandar i Sævareid.

  • Skjørsand og Fusa vassverk - skipa 1969, i drift 1972, kjelde: Skåtavatnet, forsyner husstandar frå Skjørsand til og med Fusa-bygda.

  • Strandvik og Vinnes vassverk - skipa 1969, ferdig 1972, kjelde: Skåtavatnet, det største av dei private vassverka, forsyner husstandar frå Vinnes til Håvik.

Avlaupshandtering

Dei offentlege avlaupsanlegga består m.a. av 20,4 km leidningsnett, 11 slamavskiljarar med volum opp til 217 m3, 1 silanlegg, 10 pumpestasjonar og 15 utsleppsleidningar til sjø.

Kommunen syter for avlaupshandteringa i dei fleste større bygder i kommunen. 

Private partslag og kloakksameige står for avlaupshandteringa i nokre mindre område.

Kva kostar tenestene?

Ekspedisjonen i Kommunetunet - tlf. 56 58 01 00 - har anvar for det daglege arbeidet med gebyr for vatn og avlaup, og publikumskontakt.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.06.2016
Teknisk drift
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Teknisk drift

Telefon :
56 58 01 37
E-post :
oystein.havsgard@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne