TT-kort og parkeringsløyve

På denne sida finn du informasjon om tilrettelagd transport (TT), TT-kort og parkeringsløyve for rørslehemma. Du finn òg lenker til søknadsskjema.

Tilrettelagd transport - TT-kort

Kven gjeld dette tilbodet for?

  • Transportordninga er eit tilbod for personar som har varig funksjonshemming av ein slik art at dei ikkje utan vesentlege vanskar kan nytta vanleg kollektivtransport.
  • Ordninga skal gjera det lettare for godkjende brukarar å ta del i aktivitetar i nærmiljøet på line med andre. 

Korleis søkja?

  • Det må fyllast ut to skjema: eigenerklæring og legeerklæring.
  • Søknaden skal sendast til: Helse, familie og velferd, Fusa kommune, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.
  • Det er ingen søknadsfrist - ein kan søkja heile året.
  • Fylkeskommunane og kommunane står saman om å administrera ordninga.
  • Søknader vert vurderte av ei legenemnd som er oppnemnt av fylkeskommunen. 
  • Meir informasjon om transportordninga finn du på Hordaland Fylkeskommune sine nettsider.

Søknadsskjema:

Parkeringsløyve for rørslehemma

Ordninga med parkeringsløyve for rørslehemma er heimla i forskrift om parkering for rørslehemma

Korleis søkja?

  • Søknaden skal innehalda både eigenerklæring, legeerklæring og passfoto.
  • Søknaden skal sendast til: Helse, familie og velferd, Fusa kommune, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.
  • Nærare opplysningar kan ein få ved å venda seg til ekspedisjonen hjå eining Helse, familie og velferd - sjå kontaktinformasjon til høgre på denne sida.

Søknadsskjema:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 19.09.2016
Helse, familie og velferd
Fjord'n senter, 2. høgd Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Helse, familie og velferd

Telefon :
56 58 01 79
E-post :
linda.haland@fusa.kommune.no
Tittel :
Sekretær
Bunnhjørne
kontaktperson

Helse, familie og velferd

Telefon :
56 58 01 77
Mobil :
928 68 355
E-post :
anne.skagseth@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne