Vaksenopplæring

Vaksenopplæringa underviser i norsk og samfunnskunnskap på introduksjonsprogrammet for flyktningar, norsk for andre framandspråklege vaksne, og har spesialundervisning for vaksne.

Når?

Vi prøver å tilpassa opplæringa til kvardagen til elevane. Det er difor tilbod om ulike grupper til ulike tider på dagen:

  • Introduksjonsprogrammet har undervisning på dagtid.
  • Andre framandspråklege vaksne har tilbod om norskundervisning på ettermiddags- og kveldstid.

Kvar?

Vaksenopplæringa har kontor og undervisningslokale i Bolaks-bygget på Lambaneset. Her held introduksjonsprogrammet til.

På ettermiddags- og kveldstid er det undervisning i biblioteket på ungdomsskulen.

Lærarar

Vi er fem dedikerte lærarar: Per Løberg, Fredrik Andersen, Agnete Digranes Aarvik, Agnes Smørholm, og i tillegg Julia Tveit som òg er inspektør ved vaksenopplæringa.

Nokre av lærarane på vaksenopplæringa tek for tida etterutdanning i samfunnskunnskap, og andre kompetansehevande kurs. Med tida vil vi kunna tilby opplæring i samfunnskunnskap på fleire språk her i kommunen.

Norskopplæring for framandspråklege vaksne

Innvandrarar med rett og plikt til norskopplæring får undervisninga si i ulike grupper ved Fusa ungdomsskule.

Betalingselevar: Innvandrarar utan rett til opplæring (arbeidsinnvandrarar) får også tilbod om norskopplæring. Dei betalar ein eigendel (= betalingselevar).

Språktestar:

  • Vaksenopplæringa i Fusa er autorisert til å gjennomføra testar i norsk og samfunnskunnskap.
  • Vi gjennomfører språktest to gonger i året: I månadskiftet mai-juni og i månadskiftet november-desember.

Språkpraksisplassar:

  • I tillegg arbeider vi, i samarbeid med flyktningetenesta, kontinuerleg med å finna språkpraksisplassar til deltakarane på introduksjonsprogrammet.
  • Vi følgjer òg opp elevane som er i praksis og samarbeider med arbeidsplassen deira.  
  • Elevane får deltakarbevis og attest frå verksemda ved fullført praksis.

Elevtala skifter ofte og på kort tid, då nokre vert uteksaminerte og andre går over i grunnskuleopplæring, vidaregåande utdanning eller liknande.

Opplæring for vaksne med rett til opplæring på grunnskulen sitt område

Vaksne med rett til opplæring på grunnskulen sitt område, får opplæring etter § 4A-1 i opplæringslova.

Opplæring for menneske med nedsett funksjonsevne

Vaksne med spesielle behov får spesialundervisning etter § 4A-2 i opplæringslova.

Meir informasjon:

Vi har oppretta ei gruppe på Facebook - Vaksenopplæringa i Fusa - som er ein informasjonsportal, der alle kan finna informasjon om kva vi driv med. Det kan vera tema som vi arbeider med, eller opplevingar/turar vi har.

Sjå eiga side om norskopplæring - norwegian course

Nyttige eksterne lenker:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 20.05.2019
Vaksenopplæringa
Bolaks-bygget på Lammaneset (Fusavegen 281) Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 08 00

Mobil
: 459 74 340
Telefon :
56 58 01 31
Mobil :
934 05 978
E-post :
JMEE@fusa.kommune.no
Tittel :
Skulefagleg rådgjevar
Bunnhjørne
kontaktperson

Undervisning - Vaksenopplæringa

Telefon :
56 58 08 00
Mobil :
467 85 636
E-post :
julia.tveit@fusa.kommune.no
Tittel :
Inspektør for vaksenopplæringa
Bunnhjørne
kontaktperson

Undervisning - Vaksenopplæringa

Mobil :
450 24 804
E-post :
Per.Bjarte.Loberg@fusa.kommune.no
Tittel :
Lærar
Bunnhjørne
kontaktperson

Undervisning - Vaksenopplæringa

Mobil :
994 24 702
E-post :
Fredrik.Andersen@fusa.kommune.no
Tittel :
Lærar
Bunnhjørne
kontaktperson

Undervisning - Vaksenopplæringa

E-post :
agnete.digranes.aarvik@fusa.kommune.no
Tittel :
Lærar
Bunnhjørne