Vaksenopplæring

Vaksenopplæringa underviser i norsk og samfunnskunnskap på introduksjonsprogrammet for flyktningar, norsk for andre framandspråklege vaksne, og har spesialundervisning for vaksne.

Juleprogram 2016 (PDF, 38 kB)

Når?

Vi prøver å tilpassa opplæringa til kvardagen til elevane. Det er difor tilbod om ulike grupper til ulike tider på dagen:

  • Introduksjonsprogrammet har undervisning på dagtid.
  • Andre framandspråklege vaksne har tilbod om norskundervisning på ettermiddags- og kveldstid.

Kvar?

Vaksenopplæringa har kontor på Fusa ungdomsskule i andre etasje, rett ved gymsalen.

Undervisningslokale:

  • musikkrommet i Eikelandsfjorden samfunnshus (dagtid)
  • biblioteket på ungdomsskulen (ettermiddags- og kveldstid)

Lærarar

Vi er fem dedikerte lærarar: Per Løberg, Fredrik Andersen, Geir Austestad og Gunn Marit Baldersheim, og i tillegg Julia Tveit som òg er inspektør ved vaksenopplæringa.

Nokre av lærarane på vaksenopplæringa tek for tida etterutdanning i samfunnskunnskap, og andre kompetansehevande kurs. Med tida vil vi kunna tilby opplæring i samfunnskunnskap på fleire språk her i kommunen.

Norskopplæring for framandspråklege vaksne

Innvandrarar med rett og plikt til norskopplæring får undervisninga si i ulike grupper ved Fusa ungdomsskule.

Betalingselevar: Innvandrarar utan rett til opplæring (arbeidsinnvandrarar) får også tilbod om norskopplæring. Dei betalar ein eigendel (= betalingselevar).

Språktestar:

  • Vaksenopplæringa i Fusa er autorisert til å gjennomføra testar i norsk og samfunnskunnskap.
  • I mai 2016 arrangerte vaksenopplæringa norsk språktest med gode resultat.
  • Vi gjennomfører språktest to gonger i året: I månadskiftet mai-juni og i månadskiftet november-desember.
  • I 2016 har vi også eksamen i samfunnsfag 21. oktober.

Språkpraksisplassar:

  • I tillegg arbeider vi, i samarbeid med flyktningetenesta, kontinuerleg med å finna språkpraksisplassar til deltakarane på introduksjonsprogrammet.
  • Vi følgjer òg opp elevane som er i praksis og samarbeider med arbeidsplassen deira.  
  • Elevane får deltakarbevis og attest frå verksemda ved fullført praksis.

Vi har 30 elevar pr. 5.10.2016, 16 på kveldstid og 14 på dagtid. Etter haustferien kjem det fleire. Elevtala skifter ofte og på kort tid, då nokre vert uteksaminerte og andre går over i grunnskuleopplæring, vidaregåande utdanning eller liknande.

Opplæring for vaksne med rett til opplæring på grunnskulen sitt område

Vaksne med rett til opplæring på grunnskulen sitt område, får opplæring etter § 4A-1 i opplæringslova.

Opplæring for menneske med nedsett funksjonsevne

Vaksne med spesielle behov får spesialundervisning etter § 4A-2 i opplæringslova.

Meir informasjon:

Vi har oppretta ei gruppe på Facebook - Vaksenopplæringa i Fusa - som er ein informasjonsportal, der alle kan finna informasjon om kva vi driv med. Det kan vera tema som vi arbeider med, eller opplevingar/turar vi har.

Sjå eiga side om norskopplæring - norwegian course

Nyttige eksterne lenker:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.12.2016
Vaksenopplæringa
Fusa ungdomsskule Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 08 00

Mobil
: 459 74 340
kontaktperson

Undervisning

Telefon :
56 58 01 20
E-post :
anne-merete.hellebo@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Undervisning - Vaksenopplæringa

Telefon :
56 58 08 00
E-post :
julia.tveit@fusa.kommune.no
Tittel :
Inspektør for vaksenopplæringa
Bunnhjørne
kontaktperson

Undervisning - Vaksenopplæringa

Mobil :
450 24 804
E-post :
Per.Bjarte.Loberg@fusa.kommune.no
Tittel :
Lærar
Bunnhjørne
kontaktperson

Undervisning - Vaksenopplæringa

Mobil :
994 24 702
E-post :
Fredrik.Andersen@fusa.kommune.no
Tittel :
Lærar
Bunnhjørne

Undervisning - Fusa ungdomsskule

Telefon :
56 58 08 00
E-post :
Gunn-Marit.Baldersheim@fusa.kommune.no
Tittel :
Lærar
Bunnhjørne
kontaktperson

Undervisning - Vaksenopplæringa

Mobil :
900 90 888
E-post :
geir.austestad@fusa.kommune.no
Tittel :
Lærar
Bunnhjørne