Skulefritidsordningane (SFO) i Fusa

På denne sida finn du informasjon om SFO-tilbodet i Fusa. Skulefritidsordningane (SFO) i Fusa kommune er lokaliserte ved den enkelte skule. SFO gjev tilbod før og etter skuletid for elevar på 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilde behov på 1.-7. årstrinn.

Søk SFO-plass

Eining Undervisning har ansvar for skulefritidsordningane i Fusa kommune.

Søknadsfrist

Søknadsfrist for hovudopptak er 1. mars. Du skal søkja elektronisk. Du kan søkja om ny plass eller endra plass i same søknadsskjema (bruk "knappen" ovanfor).

Ta kontakt med den enkelte SFO eller skule for nærare informasjon.

Ferietilbod

Opningstida ved SFO følgjer skuleruta. I feriane har ei skulefritidsordning i kommunen ope: Fusa SFO. Dei gjev då tilbod til elevar frå heile kommunen.

Det er ekstra kostnad for dette tilbodet, der ein betaler for ei veke eller enkelte dagar.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 31.01.2017
Undervisning
Fjord'n senter, 2. høgda Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 20

kontaktperson

Undervisning

Telefon :
56 58 01 20
E-post :
anne-merete.hellebo@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne