Søre Fusa skule

Søre Fusa skule ligg på Baldersheim. Kontaktinformasjon og opningstider finn du i rullegardinmenyen til høgre.

  • Skuledagen startar kl. 08.20.

Undervisningstid:

  • kl. 08.20-14.00 måndag, onsdag og torsdag

  • kl. 08.20-13.15 tysdag og fredag

Søre Fusa skule er ein tredelt barneskule med 28 elevar skuleåret 2018-2019. Undervisninga er dette året organisert slik at 1.-2., 3.-4. og 5.-7. trinn går saman. Skulen dekkjer søre delen av Fusa kommune frå Sævareid i nord til Lygre og Sundfjord i sør. 

Skulen er organisert under eining Undervisning i Fusa kommune.

Lokale og uteområde

Me har lyse og trivelege rom i eit moderne bygg, som stod ferdig ved skulestart i 2007. 

Uteområdet vårt inneheld m.a. ny ballbinge, fotballbane, leikeplassar med sklie, klatrevegg, sandkassar, disser og bordtennisbord.

I undervisningssamanheng nyttar me eit fint lite skogområde som me kallar Losjehagen. Me har òg kort veg både til stranda, skogen og fjellet.

SFO og barnehage

Søre Fusa skule har tilbod om SFO kvar dag, frå kl. 07.20 om morgonen til kl. 16.00 etter skuletid.

Søre Fusa barnehage ligg vegg i vegg med skulen.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 04.12.2018
Søre Fusa skule
Neset 25, Baldersheim
5647 Baldersheim
E-post : skule@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 32 02

Opningstid
: 07.20-16.00

Undervisning - Søre Fusa skule

Telefon :
56 58 32 02
E-post :
Vivi.Irene.Fosse@fusa.kommune.no
Tittel :
Rektor
Bunnhjørne