Nore Fusa skule

Nore Fusa skule ligg ved sjøen i bygda Holmefjord. Skulekrinsen omfattar Bogøy og Holmefjord. Kontaktinformasjon og opningstider finn du til høgre på denne sida.

  • Visjon: "Best rusta for framtida"
  • Skuledagen startar kl 08.20
  • Undervisningstid: 08.20-13.45 måndag-torsdag, 08.20-12.35 fredag

Skuleåret 2017-2018 er skulen firedelt og har 57 elevar. Undervisninga er organisert slik at 1.-2. trinn går saman, 3.-4. trinn, 5.-6. trinn og 7. trinn for seg sjølv. 

Nore Fusa skule er organisert under eining Undervisning i Fusa kommune.

Lokale

Skulebygget, som var nytt i 1995, ligg ved sjøen i bygda Holmefjord og har lyse og trivelege lokale. Alle undervisningsromma ligg på eitt plan og er knytt opp mot mediateket, som er det sentrale rommet i bygget. Større barnekull har ført til at klasseromma no er for små når elevane ikkje er delt i grupper. Likevel får vi det til når alle rom vert utnytta maksimalt. Mediateket vert brukt m.a. til kunst- og handverksrom. Skulen vart måla på dugnad i 2012, målinga vart sponsa av næringslivet og arbeidet vart utført av foreldre og andre.

Uteområde

Skulen har eit fint opparbeidd uteområde, der foreldra har gjort ein stor innsats. Kvar vår er det dugnad  organisert av FAU for å halda området i god stand. Skuleområdet er også mykje brukt utanom skuletid. Skulen ligg nær sjøen med kort veg til fjøra. Det er også fine skogsområde i nærleiken som vert nytta til undervisning og til turar. 

Nore Fusa Naturleikeplass vart teken i bruk i 2008. Der er det sett opp ein gamme og tauverk til klatreleikar. Siste året er det også sett opp ein klatrejungel og ein wirebane. Det er blitt mykje betre tilkomst til området etter at store delar av stien er blitt gruslagt. Dette området blir brukt til uteskule og andre aktivitetar, og det kan nyttast av familiar i heile krinsen. 

SatsingsområdeLogo FN-skule (FN-sambandet) - Klikk for stort bilete

Den sosiale læreplanen vert revidert skuleåret 2017 - 2018. Eitt av dei sosiale verktøya oppvekstsenteret brukar, er programmet "Det er mitt val". Det er Lions som står bak, og Holmefjord skule var ein av pilotskulane i Noreg, då vi på 1990-talet starta opp med dette programmet. Nytt frå 2012 er at opplegget også vert brukt i barnehagen. Alle dei tilsette er skulerte for å bruka programmet, og Lions betaler for alt materiell.

Trivselsprogrammet, med elevar som trivselsleiarar (TL), vart teke i bruk hos oss i november 2011. Det har vore særs vellukka. Trivselsleiarane deltek på leikekurs før dei startar opp med "arbeidet" sitt. I eit halvt år leiar dei aktivitetar i storfriminuttet tre dagar i veka. Dette medfører meir aktivitet for fleire. Det er viktig at TL passar på at ingen står utanfor, og på den måten er dette førebyggjande mot mobbing. Etter endt periode får trivselsleiarane ein "Takk for hjelpa"-dag saman med andre TL i Fusa. Så vert nye TL valde.

Leseopplæring på alle trinn er også eit område skulen har fokus på. Skulen har leselystaksjon med litt konkurransepreg og lesefest i oktober/november.

Elles er fysisk aktivitet, gode klassemiljø, hyppige elevsamtalar mellom kontaktlærar og elev, tilpassa opplæring og vurdering for læring noko skulen er oppteken av.

Snarvegar:

Publisert av Heimesidegruppa. Sist endra 06.11.2017
Nore Fusa skule
Holsundvegen 190, Holmefjord
5642 Holmefjord
E-post : nore.fusa.oppvekstsenter@fusa...
Telefon
: 56 58 29 26

Opningstid
: 07.30-16.30

Undervisning - Nore Fusa skule

Telefon :
56 58 29 26
E-post :
hege.steinsland-hauge@fusa.kommune.no
Tittel :
Rektor
Bunnhjørne