Fusa skule

Skulen på Fusa er frå skuleåret 2017-2018 kommunal barneskule for Fusa, Vinnes og Strandvik. Kontaktinformasjon og opningstider finn du til høgre på denne sida.

  • Visjon: ”Med vekst og glede i leik og læring” 

  • Sosial ståstad: Det er her vi høyrer til

  • Skuledagen startar kl 08.30

  • SFO har ope kvar dag frå kl 07.30 og fram til skulestart, og etter skuletid kvar dag fram til kl 16.00

Skulen er femdelt og har 56 elevar i 1. til 7. trinn skuleåret 2017-2018.

Fusa skule var bygd kring 1920 med tilbygg på 1980-talet og ombygging i 2006 og 2010. Skulen ligg fint til i skogkanten i Fusa-bygda med utsyn til fjord og fjell. 

Uteskule og musikk

Skogen og nærmiljøet er ein viktig arena for eitt av satsingsområda våre, uteskule. Alle dei ulike årstrinna har kvar veke avsett tid til uteaktivitetar. 

Vi legg òg vekt på dei musiske sidene i arbeidet vårt og kan gle oss over mykje song og musikk på mange vis.  

Vi  ønskjer å leggja til rette for at elevane skal vera aktørar og medspelarar, der dei opplever å høyra til i eit positivt og trygt fellesskap. 

Andre satsingsområde

Vi ønskjer å driva eit målretta arbeid med arbeidsplanar for alle elevane. Vi har formalisert arbeidet med vurderingar, og ønskjer å leggja vekt på områda samarbeid, respekt, toleranse og kreativitet. 

Vi ser det som viktig å kunna leggja til rette for arbeidet med eit godt miljø, og vi kan gle oss over eit aktivt og godt samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartar i nærmiljøet. Vi ønskjer at elevar, foreldre og tilsette skal oppleva skulen som ein trygg og utfordrande læringsarena.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 19.09.2017
Fusa skule
Gjerdevegen 40, Fusa
5641 Fusa
E-post : fusa.oppvekstsenter@fusa.kommu..
Telefon
: 56 58 21 48

Opningstid
: 07.30-16.00
kontaktperson

Undervisning - Fusa skule 

Telefon :
56 58 21 48
E-post :
synnove.ellingsen@fusa.kommune.no
Tittel :
Rektor
Bunnhjørne