Fusa ungdomsskule

Fusa ungdomsskule er felles ungdomsskule for heile Fusa kommune. Skulen har 184 elevar skuleåret 2016-2017. Det er tre parallellar på 8. og 10. årstrinn og to parallellar på 9. trinn. Fusa ungdomsskule er arbeidsplass for vel 30 tilsette, både i lærar- og assistentstillingar, i kontorteneste og reinhald.

Ein Bry-deg-skule!

  • Rom for alle, blikk for den einskilde
  • Godt fagleg fokus
  • Tydelege reglar og reaksjonar
  • Saman om vedtaka

Elevar og tilsette skal trivast på Fusa ungdomsskule. Me er særleg opptekne av korleis elevar og tilsette møter kvarandre, og me legg stor vekt på ein høfleg og positiv omgangstone. Mobbing er ikkje lov!

Fokus på arbeidet i klasseromma

Godt læringsmiljø er ein rett og ein føresetnad for god læring. Me utfordrar elevane våre på at dei har eit ansvar for at læringsmiljøet i klassane er så godt at dei andre også kan læra.

Samarbeid heim-skule

Me har stor tru på å etablera eit godt samarbeid mellom heim og skule. Me ser kor avgjerande dette er både i forhold til å skapa gode læringsvilkår for den enkelte og eit godt læringsmiljø i grupper og på skulen. Ein føresetnad for godt samarbeid, er god kommunikasjon. 

Vurdering

Elevane vil møta undervegsvurdering frå og med starten i 8. klasse og heilt fram til jul i 10. trinn. Unnataket er musikk og mat og helse som er avgangsfag i 9. trinn.

Vurderingsarbeidet har som mål å rettleia eleven mot vidare utvikling, og vurderingane skal informera elevar og føresette om kva nivå eleven har nådd i faga så langt. Melding om utviklinga i alle fag blir gitt ved terminkarakterar og i samband med utviklingssamtalen.

Skulen arbeider heile tida for å vera langt framme i utviklinga i høve til føringar frå sentralt og kommunalt hald. Dette gjeld også arbeid med vurdering for læring.

Val av utdanning og yrke

Fusa ungdomsskule legg mykje arbeid i at elevane skal ha god kjennskap til eigne interesser og eigne kvalitetar, slik at dei kan gjera gode val når dei vel studieretning vidare. Vi er særleg opptekne av at elevane i Fusa må vurdera om dei kan utdanna seg og finna karrierar inn mot lokalt næringsliv. Utdanningsval er eit viktig fag på Fusa ungdomsskule, særleg på 10. årstrinn. 

Fusa ungdomsskule er med i det 13-årige samarbeidet, saman med Fusa vidaregåande skule, Samnanger ungdomsskule og Tysnes skule. Samarbeidet har mellom anna som mål å førebu ungdommane på vidaregåande utdanning.  

Vaksenopplæring og norskopplæring for innvandrarar

Fusa ungdomsskule organiserer vaksenopplæringa i Fusa kommune. Dei to tenestene som ligg under vaksenopplæringa, er:

Snarvegar:

Publisert av Heimesidegruppe. Sist endra 08.11.2016
Fusa ungdomsskule
Brakabygda 33-34, Eikelandsosen
5640 Eikelandsosen
E-post : fusa.ungdomsskule@fusa.kommune..
Telefon
: 56 58 08 00

Faks
: 56 58 08 10
Opningstid
: 08.30-14.15
kontaktperson

Undervisning - Fusa ungdomsskule

Telefon :
56 58 08 01 / 04
E-post :
maylin.torgilstveit@fusa.kommune.no
Tittel :
Rektor
Bunnhjørne

Undervisning - Fusa ungdomsskule

Telefon :
56 58 08 02
E-post :
arild.matland@fusa.kommune.no
Tittel :
Inspektør
Bunnhjørne
kontaktperson

Undervisning - Fusa ungdomsskule

Telefon :
56 58 08 00
E-post :
oddvar.helland@fusa.kommune.no
Tittel :
Rådgjevar
Bunnhjørne