Eikelandsosen skule

Eikelandsosen skule ligg i kommunesenteret, rett ovanfor ungdomsskulen og samfunnshuset i bygda. Skulen er firedelt og har 88 elevar skuleåret 2017-2018.

  • Skuledagen startar kl 08.30.
  • SFO har ope kvar dag frå kl 07.30 og fram til skulestart, og etter skuletid kvar dag fram til kl 16.30.

Skulen er bygd i 1970, med utviding i 1998. Han ligg fint til i naturen. Skulebygget er stort og fint med klasserom, skulekjøkken, mediatek og formingsrom. Gymnastikksal og sløydsal deler skulen med ungdomsskulen. Skulen brukar Fusa kommune sitt symjebasseng for alle elevane frå september til mai.

Eikelandsosen skule er organisert under eining Undervisning i Fusa kommune.


Uteområde

Det er skog, gras, skarv og leikeplassar rundt skulen på alle kantar, og god anledning til varierte uteaktivitetar. Skulen har felles fotballbane med idrettslaget, og det er også plassert ein ballbinge på uteområdet. 

Det er mange fine turplassar i nærområdet til skulen, dei mest brukte er Sukkertoppen på Koldal og Vetteskogen rett ovanfor Lundervik. Elles er det lett å koma seg til sjøen.

Syngjande skule

Skuleåret 2016-2019 er skulen vald ut til å vera med i det nasjonale prosjektet "Syngjande skule". Kvar måndag har vi skulekor, der alle elevane deltek. Kvar dag syng elevane integrert i den ordinære opplæringa. Nokre gonger i året vert det arrangement, der elevane syng for andre utanom skulen.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 13.03.2018
Eikelandsosen skule
5640 Eikelandsosen
E-post : eikelandsosen.skule@fusa.kommu..
Telefon
: 56 58 00 50

Opningstid
: 07.30-16.30
kontaktperson

Undervisning - Eikelandsosen skule

Telefon :
56 58 00 50
E-post :
olav.aarvik@fusa.kommune.no
Tittel :
Assisterande rektor
Bunnhjørne
kontaktperson

Undervisning - Eikelandsosen skule

Telefon :
56 58 00 50
E-post :
kjersti.sovik@fusa.kommune.no
Tittel :
Rektor
Bunnhjørne