Trivselsprogrammet

Trivselsprogrammet er ein sentralt styrt organisasjon som arbeider for å skapa gode skulemiljø. Programmet har som mål å auka aktiviteten og trivselen i storfriminutta på skulane. Trivselsprogrammet legg tilrette for at elevar skal byggja gode venskapsrelasjonar og fremja verdiar som inkludering og respekt.

Kombinert med gode handlingsplanar mot mobbing er Trivselsprogrammet meint å kunna bidra til auka trivsel og redusert mobbing.

På landsbasis deltek ca 800 skular frå alle fylke. Responsen frå dei skulane som deltar, er utelukka positiv. Dette har effekt! Fem av barneskulane i Fusa kommune deltar på trivselsprogrammet. Vi jobbar med å få med alle.

Trivselsleiarar

Kvar deltakarskule vel trivselsleiarar frå 4.-7. trinn. Desse får ansvar for å leggja til rette for variert leik og aktivitet. Dei får opplæring på kommunale leike- og aktivitetskurs og får gjennom programmet utstyr som trengs. Kvar skule har òg ein vaksen TL-ansvarleg.

Publisert av Ottar Midtrød. Sist endra 22.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30