Fusa PPT - pedagogisk-psykologisk teneste

Fusa PPT skal hjelpa skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggja opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. PPT skal òg syta for at det vert utarbeidd sakkunnige vurderingar der opplæringslova krev det. Nedanfor finn du meir informasjon om sakkunnig vurdering.

Den sakkunnige vurderinga gjeld først og fremst vurdering av behov for spesialpedagogisk hjelp for barn i førskulealder og behov for spesialundervisning for elevar i grunnskulen. Elevar i vidaregåande skule er knytt til PP-tenesta i fylkeskommunen, OT/PPT

Fusa PPT har tre fulltidsstillingar fordelt på fire tilsette: ein psykolog og tre spesialpedagogar. PPT arbeider etter heimel i lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova §§ 5-6 og 5-7).

Hovudoppgåver

  • Individarbeid: Utarbeida sakkunnig vurdering der lova krev det

  • Systemarbeid: Hjelpa skulen med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling

Sakkunnig vurdering

Lova krev sakkunnig vurdering av behov for:

  • Spesialundervisning for barn på skule (§ 5-1) og vaksne i vaksenopplæring (§ 4A-2)

  • Spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder (§ 5-7)

  • Utsett eller framskunda skulestart (§ 2-1, tredje ledd). PPT ønskjer tilmelding i høve utsett/framskunda skulestart innan 15. januar

  • Fritak frå opplæringsplikta (§ 2-1, fjerde ledd)

  • Teiknspråkopplæring (§ 2-6)

  • Punktskriftopplæring (§ 2-14)

Saksgang

Saksgang for enkeltelevar er skildra i eit eige informasjonsskriv til heim og skule. Når ein oppdagar at eit barn eller ein elev har vanskar, skal ein:

  • Setja i gang ei undersøking på skulen/i barnehagen ved bruk av Pedagogisk rapport.

  • Ta stilling til om eleven har tilfredsstillande utbyte av den ordinære opplæringa, eller om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp.

  • Dersom ein meiner at eleven/barnet ikkje har tilfredsstillande utbyte eller har behov for spesialpedagogisk hjelp, skal ein senda ei tilmelding til PPT med samtykke frå føresette.

  • PPT utarbeider sakkunnig vurdering.

  • Dersom det er behov for spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, må rektor fatta enkeltvedtak. For elevar i dei private skulane er det einingsleiar for Undervisning som fattar enkeltvedtak. Rektor ved den private skulen må søkja til Fusa kommune på vegner av eleven og føresette.

  • Det vert då, på skulen, utarbeidd ein individuell opplæringsplan (IOP) for korleis ein skal driva spesialundervisninga, som skal evaluerast ein gong i året (IOP-evaluering). I barnehagen vert det utarbeidd ein individuell utviklingsplan, som òg skal evaluerast ein gang i halvåret.

  • PPT kan brukast som rådgjevande organ til foreldre, barnehage og skule i utforming av spesialundervisning og den spesialpedagogiske hjelpa.

  • Dersom skule/barnehage, føresette eller PPT ser at behovet til eleven/barnet endrar seg, skal det utarbeidast ei ny sakkunnig vurdering.

Tilmelding

Barnehage og skule kan tilvisa enkeltbarn/elevar (individ) for utarbeiding av sakkunnig vurdering. I tillegg kan dei tilvisa PPT for å be om hjelp til kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling (system). Bruk skjemaet nedanfor "Tilvising til PPT frå barnehage/skule/vaksenopplæring".

Foreldre, helsestasjon, elevar og andre instansar kan òg tilvisa enkeltbarn/elevar (individ). Dette bør så langt som råd skje i samarbeid med barnehage/skule. Bruk skjemaet nedanfor "Tilvising til PPT frå føresette/ungdom/andre instansar".

Logopedhjelp

Fusa kommune har pr. i dag ikkje tilsett logoped og kan difor ikkje tilby logopedhjelp.

Dersom ein har språk- og/eller talevanske, kan ein kontakta fastlegen for tilvising til logoped eller audiopedagog utanfor kommunen. Det må liggja ved dokumentasjon på at Fusa kommune ikkje kan tilby den hjelpa. Vaksne som treng logopedbehandling, må kontakta Tenestekontoret. Eining Barnehage fattar avslag og skriv ut dokumentasjon for barn før skulepliktig alder, og eining Undervisning for skuleelevar.  

Utgiftene til logoped vert dekka av folketrygda. Meir informasjon om dette finn ein på HELFO sine heimesider.

Skjema:

Nyttige lenker:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.09.2016
Undervisning
Fjord'n senter, 2. høgda Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 20

kontaktperson

Undervisning

Telefon :
56 58 01 20
E-post :
anne-merete.hellebo@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne

Undervisning - PPT

Telefon :
56 58 01 76
Mobil :
489 42 621
E-post :
Linda.Valle@fusa.kommune.no
Tittel :
PPT-leiar og psykolog
Bunnhjørne
kontaktperson

Undervisning - PPT

Telefon :
56 58 01 72
E-post :
Cecilie.Hagen.Nordtveit@fusa.kommune.no
Tittel :
Spesialpedagog PPT
Bunnhjørne
kontaktperson

Undervisning - PPT

Telefon :
56 58 01 72
E-post :
gunnveig.akre@fusa.kommune.no
Tittel :
Spesialpedagog PPT
Bunnhjørne
kontaktperson

Undervisning - PPT

Telefon :
56 58 01 73
E-post :
kari.k.hjartnes@fusa.kommune.no
Tittel :
Spesialpedagog PPT
Bunnhjørne

Undervisning - PPT

Mobil :
459 74 523
E-post :
Solveig.Haavik@fusa.kommune.no
Tittel :
Utøvande spesialpedagog i barnehage
Bunnhjørne

Undervisning - PPT

Telefon :
56 58 01 00
Tittel :
Logoped
Bunnhjørne