Skatt og likning

Det offentlege sitt ansvar i høve til skatt er todelt:

  • Kommunen har ansvar for skatt, skattetrekk og arbeidsgjevaravgift til det offentlege. 

  • Den statlege institusjonen Skatteetaten har ansvar for likninga di.

Skatteoppkrevjaren i kommunen skal syta for innkrevjing eller tilbakebetaling av skatten etter at likninga er klar.

Skatteoppkrevjaren i Fusa kommune

Bankkontonr. for skatt: 6345.06.12415.

Finansdepartementet, Skattedirektoratet og Skatt Vest har fagleg instruksjonsmynde over skatteoppkrevjaren. Sakshandsamar er knytt til rådmannen sin stab og fellestenester.

Skatteoppkrevjaren har sjølvstendig ansvar for innkrevjing av skatt på vegne av kommunen, fylkeskommunen, staten og folketrygda. Oppgåvene er i hovudsak:

  • Skatterekneskap

  • Avrekning av skatt

  • Innkrevjing av skatt: Dersom krav ikkje blir betalt innan fristen, kan skatteoppkrevjaren gjera krav om påleggstrekk eller motrekning. Skattekrav skal sikrast ved utlegg i eigedom og lausøyre.

  • Nedsetjing, ettergjeving eller betalingsordning av skatt: Skatteoppkrevjaren er kommunen sin sakshandsamar i saker som gjeld nedsetjing, ettergjeving eller betalingsordning av skatt. 

  • Arbeidsgjevarkontroll: Skatteoppkrevjaren fører kontroll med at arbeidsgjevarane sender oppgåver, fører lønsrekneskap, gjennomfører forskotstrekk og påleggstrekk og betalar skattar og avgifter i samsvar med lover og forskrifter.

KID-nr./elektroniske innbetalingar

Alle elektroniske innbetalingar av skatt og arbeidsgjevaravgift må ha eit KID-nr. (20 teikn). Dersom du ikkje har riktig betalingskort, kan du laga KID-nr. sjølv. Sjå snarveg nedanfor.

Likningskontor

Felles telefonnummer for Skatteetaten i Hordaland (likningskontor og folkeregister) er 800 80 000.

Du kan tinga skattekort, finna flytteskjema o.l. ved å gå inn på heimesida til Skatteetaten. Sjå snarvegar nedanfor.

Likningskontora er inne i ei tid med omstilling. Bjørnefjorden likningskontor med base i Os er næraste skattekontor. Skatt vest avd. Fusa vart lagt ned f.o.m. 01.07.2012. Nærare opplysningar finn du på sidene til Skatt vest Os, sjå snarvegar nedanfor.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 31.10.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service

Telefon :
56 58 01 13
E-post :
line.rolland@fusa.kommune.no
Tittel :
Avdelingsleiar skatt/skatteoppkrevjar
Bunnhjørne