Eigedomsskatt

Sidan 1989 har det vore eigedomsskatt på produksjonsverksemder ("verk og bruk") i Fusa. Kommunestyret vedtok å innføra eigedomsskatt på alle eigedomar frå og med 2009.

Eigedomsskatten er heimla i Eigedomsskattelova §§ 3 og 4.

Eigedomsskatten er den einaste skatten som kommunen sjølv har styring med, og der skatteinntektene heilt ut tilfell kommunen. Eigedomsskatten vert brukt til å finansiera dei kommunale tenestene. Den vert kravd inn 2 gonger årleg.


Skattesats

Kommunestyret fastset skattesats i samband med dei årlege budsjettprosessane. Skattesatsen er for tida 7 promille på verk, bruk og næringsbygg og 2 promille på bustad- og fritidseigedomar, naust og ubebygde tomter. 

Nokre spesielle eigedomar (m.a. forsamlingshus og idrettsanlegg) er fritekne for eigedomsskatt. 


Taksering av bustad- og fritidseigedomar

Skattetaksten byggjer på faktaopplysningar og skjønnsmessige vurderingar etter synfaring. Denne taksten gjeld i 10 år, dersom det ikkje skjer vesentlege endringar på eigedomen.

Forhold som påverkar taksten er:

  • arealet på tomt og bygningar

  • bygningstype

  • kvar i kommunen eigedomen ligg (soneinndeling)

  • standard på bygningane

  • tomt og bygningar si plassering i terrenget

Taksering av næring, verk og bruk

Verk og bruk vert rekna som fast eigedom. Det vert utarbeidd takstar for teknisk verdi og salsverdi.

Klage på eigedomsskatten

Iflg. § 19 i Eigedomsskattelova kan skattytaren klaga på den utskrivne eigedomsskatten. Dette må gjerast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker etter kunngjering av eigedomsskatten. Klagen må innehalda følgjande opplysningar:

  • Klagen gjeld vedtaket om eigedomsskatt for (oppgje årstal)

  • Kva eigedom det gjeld (gbnr – gards- og bruksnummer)

  • Kva er det klagaren vil ha endra?

  • Grunngjeving for kvifor ein ønskjer vedtaket endra

  • Dokumentasjon, bilete, skriftlege dokument m.m.

  • Andre opplysningar som kan påverka avgjerda

Klagen skal sendast til Fusa kommune v/Eigedomsskattekontoret, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen

eller pr e-post til postkasse@fusa.kommune.no


Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 20.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service

Telefon :
56 58 01 19
E-post :
gunn.sissel.teigen@fusa.kommune.no
Tittel :
Spesialrådgjevar
Bunnhjørne