Borgarleg vigsel

Har de planar om å gifta dykk? Kommunen har ansvar for borgarleg vigsel i Fusa. 

Kven kan ektevia?

Frå 1. januar 2018 er det kommunane som har fått ansvar for å utføra borgarleg vigsel. Fusa kommunestyre har gitt desse personane ansvar for å utføra vigsel i Fusa:

  • Ordførar Atle Kvåle
  • Varaordførar Magne Djupvik
  • Rådmann Nils-Petter Borge
  • Einingsleiar Anne Skagseth

Fusa kommune tilbyr vigsel torsdagar og fredagar mellom klokka 12 og 15. Dersom de ønskjer vigsel til andre tidspunkt, må de sjølve avtala dette med vigslar.

Vilkår for vigsel

Visse vilkår i ekteskapslova må vera oppfylte for at ein skal kunna gifta seg. Sjå meir informasjon i lovteksten:

Dette må de senda inn før vigselen

Før de gifter dykk, må Skatteetaten sjekka om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seia at de må senda inn ein del papir. Behandlingstida er to-tre veker, så ver ute i god tid før bryllaupet. Dei nødvendige skjema får de hjå Skatteetaten:

  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte, dersom du/de har vore gift før
  • Melding om endring av namn, dersom du/de skal byta namn

Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.

Etter at de har fått prøvingsattesten heim i posten, kan de ta kontakt med oss i Fusa kommune for å bestilla vigsel. Attesten må ikkje vera eldre enn fire månader ved vigsel. 

De må ha to vitne, og dei må vera til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.

Brurepar og vitne/forlovarar må ha gyldig legitimasjon til vigselen. Vi godtar gyldig pass, norske førarkort og bankkort med bilete og personnummer. 

Spesielt for utanlandske statsborgar:

Alle utanlandske statsborgarar må dokumentera lovleg opphald i Noreg på vigselstidspunktet, og senda oss/levera prøvingsattest seinast ein dag før vigselen. Dette gjeld ikkje for nordiske borgarar. Vi kan utføra vigselen på engelsk, dersom dette er avtalt på førehand. 

Slik er seremonien

Vi tilbyr eit høveleg lokale i Kommunetunet i Eikelandsosen. Der er det plass til brudepar, forlovarar og inntil fire personar i tillegg. Dersom de ønskjer å ha fleire gjester til stades ved sjølve vigselen, må de bestilla eit anna lokale.

Møt opp i god tid før avtalt tid for vigsel. Vi har sett av om lag 15 minutt til kvart par. 

Vigslaren les "Det borgarlege vigslingsformularet". Deretter spør vigslaren dykk om de vil ha kvarandre til ektefeller. Til slutt underteiknar de, vitna og vigslaren vigselsprotokollen.

Kommunen sender deretter ei vigselmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet, med kopi til dykk. Denne fungerer som vigselsattest fram til de får den endelege frå Folkeregisteret. 

Kunstnarlege innslag

Dersom de ønskjer kunstnarlege innslag under seremonien, til dømes musikk eller diktlesing, må de gi beskjed om dette på førehand. Fusa kommune vil vurdera om innslaget kan inkluderast. Ved vigsling utanom Kommunetunet, vil brudeparet stå friare til å velja kunstnarlege innslag.

Pris 

Tilbodet er gratis dersom de både bur og vil gifta dykk i Fusa kommune. Dette gjeld sjølv om du/de for tida er busett i utlandet.

Ønskjer de å leggja seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må de rekna med å dekkja tilleggskostnader sjølve.

Dersom de ikkje bur i Fusa, og den som vigslar dykk ikkje er frå Fusa kommune, kan det medføra kostnadar. Dette får de vita når de tar kontakt med oss.

Slik tar de kontakt

Send ein e-post til post@fusa.kommune.no der de oppgir:

  • Fullt namn, fødselsdato og adresse til brureparet
  • Kva for ein dato de ønskjer å gifta dykk
  • Kven de ønskjer skal ektevia dykk  
  • Om de ønskjer å halda seremonien på Kommunetunet i Eikelandsosen eller i eige lokale

Kommunale kontaktpersonar er Heidi Chatrine H. Bergesen og Magda Haugen.

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 13.03.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30