Oppmåling, kart og matrikkel

Kart

Kommunen syter for følgjande tenester:

  • sjå til at grensene for grunneigedom og festegrunn blir nøyaktig merka, målt og kartfesta i samsvar med matrikkellova
  • føra oversiktlege og pålitelege register over grunneigedom, festegrunn og data knytt til dei
  • rettleiing og hjelp til publikum med kartmateriale
  • rettleiing og hjelp til utfylling av skjema o.l. i frådelingssaker

Kartverk

Kommunen skal syta for at tilfredsstillande kart er tilgjengelege

Matrikkelen - "Se eiendom"

  • Statens kartverk har utforma ei kartløysning som gjev publikum tilgang til informasjon frå matrikkelen

  • Løysinga heiter "Se eiendom"

  • Målet er å gje enkel tilgang til nøkkelinformasjon frå matrikkelen, det vil seia matrikkeleining, matrikkeleiningsgrenser, bygningar og adresser 

  • Jf. matrikkelforskrifta § 13.

Både kommunane og Statens kartverk ønskjer tilbakemeldingar om feil og manglar i matrikkelen. Det er viktig å merkja seg at reglane i matrikkellova med tilhøyrande føresegner, gjeld i dei høve der det skal gjerast endringar i matrikkelen.

Grenser

Kommunen syter for at det vert sett ut grenser i terrenget der det føreligg matrikkelbrev og det er kravd kartforretning.

Matrikkelbrev

  • Kommunen lagar matrikkelbrev etter at frådelingssøknader er godkjende etter Plan- og bygningslova. 

  • Det same gjeld tildeling av gards-, bruks- og festenummer.

Seksjonering

Kommunen har også ansvaret for tildeling av seksjonsnummer etter lov om eigarseksjonar.

Oppmålingsgebyr

Arbeid rekvirert hos kommunen vert betalt etter gebyrsatsar vedtekne av kommunestyret. Sjå kommunen sine betalingssatsar/gebyrsatsar.

Skjema:

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.06.2016
Plan, byggesak og oppmåling
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - oppmåling

Telefon :
56 58 01 35
E-post :
siri.clausen@fusa.kommune.no
Tittel :
Oppmålingsingeniør
Bunnhjørne