Kommunal planlegging

Samfunnet endrar seg raskt. For å kunna styra utviklinga slik kommunen ønskjer, er det viktig å ha gode hjelpemiddel. Kommunen sitt planverk skal vera eit slikt hjelpemiddel.

Alle kommunar skal gjennomføra planlegging med sikte på å samordna den fysiske, sosiale, økonomiske, estetiske og kulturelle utviklinga i kommunen. Plan- og bygningslova (PBL) er den sentrale lova for offentleg styring av det fysiske miljøet i kommunen.

Det kommunale planarbeidet omfattar både overordna planverk, som kommuneplanen med samfunnsdel og arealdel, og mindre omfattande planar som tema- og sektorplanar/fagplanar og reguleringsplanar.

Sentrale plandokument finn du under Planar og styringsdokument på kommunen si heimeside - sjå snarvegar.

Kommunal planstrategi

I PBL vert det slått fast at alle kommunar skal laga ein kommunal planstrategi. Planstrategien skal:

  • vera eit verktøy for betre kommunal planlegging

  • klargjera kva planoppgåver kommunen bør starta opp eller vidareføra for å leggja til rette for ei ønskt utvikling

  • utformast etter behovet i den enkelte kommune

  • erstatta det obligatoriske kravet til rullering av kommuneplanen, som låg i tidlegare PBL (1985)

  • vera eit verktøy for politisk prioritering av planoppgåver

  • vera ein arena for å drøfta og avklara behov for interkommunal planlegging

Reguleringsplanar

Ved hjelp av offentlege og private reguleringsplanar, og meir detaljerte utbyggingsplanar, bestemmer kommunen korleis areal skal nyttast. I planprosessen vert det lagt vekt på innsyn og medverknad frå innbyggjarane. Under kunngjeringar finn du kva planar som er ute til offentleg ettersyn.

Reguleringsplanarbeidet i kommunen omfattar:

  • Sakshandsaming av kommunale reguleringsplanar

  • Sakshandsaming av private reguleringsplanar

  • Rettleiing i reguleringsspørsmål

Reguleringplanar skal utarbeidast for område der arealdelen av kommuneplanen fastlegg at utbygging kan skje, og der det elles er behov for å sikra forsvarleg planavklaring og gjennomføring av bygge- og anleggstiltak, fleirbruk og vern i høve berørte private og offentlege interesser.

Planprosessen for reguleringsplanar er fastlagd i PBL kap. 12 og omtalt i Fusa kommune sin startpakke for reguleringsplanar.

Startpakke for reguleringsplanar

Fusa kommune har ei startpakke for reguleringsplanar. Denne skal nyttast ved utarbeiding av reguleringsplanar i Fusa kommune. Startpakka inneheld krav til forslagsstillar og plandokument, og opplysningar rundt planprosess og saksgang. Startpakka inneheld òg vedlegg med skjema og oppsett som skal nyttast i prosessen og ved utarbeiding av mellom anna planomtale, plankart, føresegner og retningslinjer. Vedlegga er lenka direkte til redigerbare skjema og dokument på heimesida til Fusa kommune. 

For alle planar for utbygging skal det utarbeidast ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse). Akseptkriteria som skal nyttast i slike ROS-analysar (PDF, 43 kB) er vedtekne i Fusa kommunestyre 25.09.2014. Oppsett for komplett ROS-analyse for reguleringsplan ligg i mal for planomtale og ROS-analyse (vedlegg 5 i startpakka). 

Startpakka er eit supplement til Miljøverndepartementet og Direktoratet for byggkvalitet sitt rettleiingsmateriell.

Søknadsskjema:

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.06.2016
Plan, byggesak og oppmåling
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - plan

Telefon :
56 58 01 88
Mobil :
416 17 873
E-post :
helle.holte.bruland@fusa.kommune.no
Tittel :
Arealplanleggjar
Bunnhjørne
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - plan og byggesak

Telefon :
56 58 01 33
E-post :
jan.egil.leirstein@fusa.kommune.no
Tittel :
Plan- og bygningssjef
Bunnhjørne