Søknad om byggeløyve som krev ansvarleg søkjar

I følgje Plan- og bygningslova (PBL) må den/dei som skal delta i ein byggeprosess, kjenna PBL, byggeføresegnene og andre lover og føresegner vedkomande byggesaka.

Ansvarleg søkjar

Det må engasjerast eit føretak som tek på seg rolla som ansvarleg søkjar. Dette kan t.d. vera ein arkitekt eller andre med byggtekninsk kompetanse. Føretaket vil syta for at søknaden vert rett utforma, og at tiltaket vert tilstrekkeleg dokumentert.

Tiltakshavar

Tiltakshavar (byggherre, t.d. eigar eller brukar) må saman med ansvarleg søkjar syta for at det vert engasjert fagleg dyktige føretak til prosjektering og utføring, og til kontrolloppgåvene.

Dokumentasjon

Søknaden skal innehalda alle dei opplysningar som er nødvendige for at kommunen skal kunna ta stilling til saka, dvs. vurdera om vilkåra for løyve er til stades.

Ein fullstendig, godt dokumentert søknad vil kunna medverka til ei meir effektiv handsaming av saka i kommunen.

Søknad om løyve til tiltak i eitt trinn skal normalt ha følgjande dokumentasjon:

  • Fullstendig utfylt søknadskjema
  • Situasjonsplan i målestokk M=1:1000 som syner plassering av tiltaket. Ved nybygg skal avkøyrsle, parkeringsplass og leidningar i grunnen visast
  • Fullstendige teikningar for plan/snitt/fasadar i målestokk 1:100
  • Gjenpart av nabovarsel
  • Oppgåve over ansvar for prosjektering og utføring
  • Kontrollplan for prosjektering og utføring
  • Søknad om ansvarsrett for alle arbeida
  • Kontrollerklæring

Handsaming

Byggesaker vert handsama av plan- og bygningssjefen på delegasjon, og/eller politisk i Utval for plan og miljø. Sakshandsamingstida er maks 12 veker (lovpålagd makstid).

Søknadsskjema:

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.01.2019
Plan, byggesak og oppmåling
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - byggesak

Mobil :
56 58 01 47
E-post :
arild.knutsen@fusa.kommune.no
Tittel :
Byggesakshandsamar
Bunnhjørne
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - byggesak

Telefon :
56 58 01 50
E-post :
torgeir.berge@fusa.kommune.no
Tittel :
Byggesakshandsamar
Bunnhjørne