Dette kan du byggja utan å søkja kommunen om løyve

Sjå Direktoratet for byggkvalitet si rettleiing for å finna ut kva du kan byggja eller gjera om på eigedomen din utan å søkja. Dette gjeld t.d. skifte av vindauge, eldstad og andre småting inne eller ute.

Dersom tiltaka nedanfor ikkje er i strid med planar for området eller andre materielle reglar, som t.d. avstandskravet på 4 meter til nabogrense, treng ein ikkje søkja om løyve for:

  • tak og vindauge: når ein byter ut eksisterande med likt

  • småting ute: levegg, terasse, gjerde mot nabo, forstøtningsmur, antenne/parabol, utepeis, innhegning mot veg, campingvogn og vinteropplag av båt

  • småting inne: t.d. rehabilitering av våtrom, bygging av nytt våtrom, flytting av lettvegg, installering av varmepumpe

  • eldstad: installering av ny, endring/reparasjon av gamal eldstad. Feiar skal ha melding om nyinstallering. Merk at oppføring av skorstein er søknadspliktig. 

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.01.2019
Plan, byggesak og oppmåling
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - byggesak

Mobil :
56 58 01 47
E-post :
arild.knutsen@fusa.kommune.no
Tittel :
Byggesakshandsamar
Bunnhjørne
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - byggesak

Telefon :
56 58 01 50
E-post :
torgeir.berge@fusa.kommune.no
Tittel :
Byggesakshandsamar
Bunnhjørne