Byggesøknad som privatpersonar kan stå for

Byggetiltak etter Plan- og bygningslova (PBL) § 20-2 er mindre tiltak eller byggearbeid som privatpersonar kan søkja om.

Dette vert rekna som slikt mindre byggearbeid:

  • Mindre tiltak på eigedom som det alt er bygd på, t.d. garasje eller mindre tilbygg/påbygg.

  • Driftsbygningar i landbruket.

  • Mellombelse (mindre enn 2 år) bygningar, konstruksjonar eller anlegg.

  • Ein frittliggjande bygning eller anna byggverk med samla bruttoareal og bebygd areal på inntil 70 m2 og ikkje over ein etasje. Bygningen kan ha kjellar, men kan ikkje brukast til bustad eller næringsdrift.

  • Oppføring av eit enkelt tilbygg som skal nyttast til bustadrom eller til føremål som har direkte tilknytning til bustadfunksjonen, og som er utan våtrom. Tilbygget kan ha samla bruttoareal og bebygd areal på inntil 50 m2, og kan vera underbygd med kjellar.

  • Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel.

  • Skilt, reklameinnretning o.l. inntil 6,5 m2 montert på vegg, eller med høgde inntil 3,5 meter og breidde inntil 1,4 meter montert frittståande på terrenget.

  • Antennesystem med høgde inntil 5 meter.

Merk deg følgjande:

  • Avstand til nabogrense skal vera i samsvar med Plan- og bygningslova § 29-4

  • Søkjar er berre forplikta til å venta på svar frå kommunen i 3 veker rekna frå søknad med fullstendig dokumentasjon er motteken i kommunen

  • Det må betalast handsamingsgebyr - sjå gebyrregulativet til Fusa kommune

Søknad

Bruk søknadsskjemaet "Søknad om tiltak utan ansvarsrett" (sjå snarveg nedanfor).

Dette må følgja søknaden:

  • nabovarsel

  • kart i M=1:1000 som viser plassering av tiltaket

  • fullstendige teikningar

Søknadsskjema:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.01.2019
Plan, byggesak og oppmåling
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - byggesak

Mobil :
56 58 01 47
E-post :
arild.knutsen@fusa.kommune.no
Tittel :
Byggesakshandsamar
Bunnhjørne
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - byggesak

Telefon :
56 58 01 50
E-post :
torgeir.berge@fusa.kommune.no
Tittel :
Byggesakshandsamar
Bunnhjørne