Bygging

Skal du byggja hus, setja opp garasje eller byggja på? Vil du installera ny eldstad i huset ditt eller setja opp gjerde mot naboen? Bruk snarvegane nedanfor til å finna svar på korleis du går fram og kva reglar som gjeld.

Byggesak

Kommunen har ansvar for byggesakshandsaming etter Plan og bygningslova (PBL). Vi kan dela byggesakene i tre typar etter krav til søknad og handsaming:

  1. Tiltak som krev søknad og løyve - byggemeldingspliktige tiltak etter PBL § 20-3 - som krev ansvarleg søkjar. Tiltaket skal prosjekterast og gjennomførast av eit ansvarleg føretak. Søknaden må sendast inn av eit føretak som kan godkjennast som ansvarleg søkjar.

  2. Tiltak som krev søknad og løyve - byggemeldingspliktige tiltak etter PBL § 20-4 - som tiltakshavar/byggherre (t.d. eigar eller brukar) sjølv kan stå for. Dette gjeld t.d. driftsbygningar i landbruket, mellombels eller transportabel bygning, konstruksjonar og anlegg, og nokre mindre tiltak på eigedom som det alt er bygd på, t.d. garasje og mindre tilbygg/påbygg. 

  3. Tiltak som ikkje krev søknad og løyve - ikkje byggemeldingspliktige tiltak etter PBL § 20-5. Nokre mindre tiltak er unnateke frå søknadsplikta, med atterhald om at tiltaket er i tråd med bygningslova og anna lovverk, og ikkje fører til fare eller urimeleg ulempe for omgjevnadene eller allmenne interesser. Unnataket gjeld også for ein del tiltak som vert handsama etter anna lovverk.

Andre snarvegar:

Tenesteskildringar frå Nasjonal tenestekatalog:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 30.06.2016
Plan, byggesak og oppmåling
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - byggesak

Telefon :
56 58 01 47
E-post :
arild.knutsen@fusa.kommune.no
Tittel :
Byggesakshandsamar
Bunnhjørne
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - byggesak

Telefon :
56 58 01 50
E-post :
torgeir.berge@fusa.kommune.no
Tittel :
Byggesakshandsamar
Bunnhjørne