Naturforvalting

På denne sida finn du informasjon om lover og reglar knytt til friluftsliv og naturbruk: Allemannsretten, bålbrenning, bandtvang, fritidsfiske og motorferdsel i utmark.

Allemannsretten på land

I utgangspunktet er det fri ferdsel i utmarka. Utmark er stort sett skog, myr, vatn og fjell. Innmark er all dyrka jord: åker, eng, kulturbeite, skogplantefelt, hagar, gardsplassar o.l. Den frie ferdsla gjev deg rett til å ferdast fritt til fots, til hest, på ski eller sykkel i utmarka. Motorferdsel er forbode. I vassdrag kan du padla, ro eller segla. Når marka er frosen eller snødekt, kan du også ferdast på innmark. I utmarka er rasting, overnatting og telting tillate. For å rasta på innmark, treng du løyve frå grunneigar. Etter Friluftslova skal du ikkje telta nærare hus og hytte enn 150 meter. Friluftslova pålegg alle å ferdast i naturen med omsyn og varsemd. Du skal ikkje gje naturen varige sår ved å hogga i tre og buskar. Du skal heller ikkje forstyrra dyr og fuglar. I utgangspunktet er alt dyreliv freda.

Bålbrenning

Det er forbod mot å gjera opp eld i eller ved skogsmark frå 14. april t.o.m. 14. september. Ein er likevel ansvarleg for å ikkje gjera opp eld i tørre periodar med fare for brann også utanom dette tidsrommet.

Bandtvang

I Fusa er det bandtvang f.o.m. 14. april t.o.m. 31. oktober. Hundar skal haldast i band eller innestengd heile året i og ved bustadområde, kyrkjegardar, område for leik, idrett og badeplassar. Desse reglane gjeld ikkje hund som gjeter buskap på beite eller hund som på forsvarleg vis følgjer eigar på lovleg jakt eller søk etter skada vilt. Fusa har eiga forskrift med detaljerte reglar for sikring av hund.

Fritidsfiske

Fusa har eitt av dei beste fiskevatna i landet. Skogseidvatnet er vide kjend m.a. for stor røye og regnebogeaure. Mange leiger seg hytter langs vassdraget og legg fiskeferien til Fusa. Vinterstid er det også populært med isfiske her.

Du kan ha fiskelukke fleire stader. Elvar og vatn i Fusa er rike på aure, røye og laks.

Du får kjøpa fiskekort her:

Sævareidvassdraget og Hålandsdalen - stang- og garnfiske
P.H. Haugen Landhandel, Sævareid: Telefon 56 58 31 10
Kilen Tombre Mek. verkstad, Kilen: Telefon 56 58 51 80

Øvre Hålandsdal
Telefon 56 58 39 30/ 56 58 39 31/ 56 58 52 22

Vengsvatnet
Telefon 56 58 11 89/ 56 58 51 20

Merk: Det er ulike prisar på garnfiske for aure og røye.

Merk deg at det er restriksjonar på ferdsel og fiske. Tek du med fiskeutstyr utafrå og/eller båt/kano/kajakk, må du desinfisera dette for å unngå spreiing av fiskesjukdommar. Det står informasjon om dette fleire stader langs vassdraget, og det er også sett ut desinfiseringsmiddel.

Motorferdsel i utmark

Motorferdsel i utmark er i utgangspunktet forbode etter lov om motorferdsel i utmark og vassdrag og gjeldande forskrifter. Kommunen kan, etter søknad, gje løyve til nyttekøyring til andre formål.

Landbrukskontoret handsamar saker etter lov om motorferdsel i utmark og vassdrag.

Publisert av Johan Bergerud. Sist endra 15.12.2015
Bjørnefjorden landbrukskontor
Kommunetunet Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Bjørnefjorden landbrukskontor

Telefon :
56 58 01 38
Mobil :
488 93 664
E-post :
johan.bergerud@fusa.kommune.no
Tittel :
Landbrukskonsulent
Bunnhjørne