Skjenkjeløyve

Beskriving

Personar eller verksemder som ønskjer å drive ein serveringsstad som skjenkjer alkoholhaldig drikk, må søkje om skjenkjeløyve. Skjenkjeløyve blir gitt for maksimum fire år om gongen. Endringar i løyva skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av styrar og avløysar for løyvet, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforhold. Slike endringar skal ein melde frå om til løyvemyndigheita. Større endringar kan føre til krav om nytt løyve. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheitene er underretta om dette og at det søkjast om nytt løyve så snart som råd og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Løyvet kan gjelde

  • alkoholhaldig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent 
  • all alkoholhaldig drikk

Oppdatert

01.12.2015 13:43

Kriterium

Skjenkjeløyvet kan ikkje bli gitt åleine, det må òg liggje føre eit serveringsløyve. Løyvesøkjaren og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar med avløysar som er knytta til serveringsstaden. Styrar og avløysar må begge ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova. Begge personane må vere over 20 år og arbeide i verksemda. Dei må oppfylle dei krava som er sette i alkohollova (og serveringslova).

Handsaming

Når søknaden er teken imot, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Løyve blir tildelt etter skjønn. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngiving dersom ein kan tenkje seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut. Kopi av vedtaket blir sendt mellom anna til politiet.

Handsamingstid

Behandlingstida i kommunen er utrekna til om lag tre månader.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Vedlegg

  • Planteikningar over areal og funksjonar i lokalet
  • Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve om alkohollova
  • Dokumentasjon på bestått etablerarprøve
  • Dokumentasjon på styraren/avløysaren si tilknyting til verksemda
  • Firmaattest frå Brønnøysundregistra
  • Eventuell skatteattest

Rettleiing

Du må søkje skriftleg. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.

Referansar

Sist endra 28.11.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30