Viltforvalting

Kommunane har ansvar for den offentlege forvaltinga av elg, hjort og rådyr. På denne sida finn du informasjon om fellingsløyve og lenker til eksterne sider med meir informasjon. 

Fellingsløyve

Retten til å jakta tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. Fellingsløyve for elg, hjort, rådyr og villrein blir tildelt godkjende vald (det geografiske området der jakta skal vera) utan årleg søknad. For småvilt - med atterhald for bever - blir det ikkje kravd fellingsløyve.

Dåhjort kan jaktast på i heile landet uavhengig av minsteareal, kvote eller godkjena vald.

Grunneigarar kan utarbeida ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for eit vald eller eit bestandsområde som er godkjend for jakt på elg og/eller hjort, og som disponerer eit areal på minimum 20 gonger minstearealet. Kommunen skal godkjenna planen og gjev i så fall eit samla fellingsløyve for heile planperioden. For villrein er det villreinnemnda som godkjenner bestandsplanen. Godkjende villreinvald får fellingsløyve for kvart jaktår.

Kriterium

Det må liggja føre ei godkjenning av vald for elg, hjort, rådyr eller villrein for å få fellingsløyve. Kommunen/villreinnemnda fastset minstearealet, som er det arealet som grunneigaren må disponera for å få fellingsløyve for eitt dyr.

Pris

Det er ikkje fellingsavgift for rådyr. Kommunen fastset fellingsavgift for elg og hjort, og Direktoratet for naturforvaltning fastset fellingsavgift for villrein. 

Fellingsløyve 2016
FellingsløyveDyrPris
Fellingsløyve vald med planVaksen hjortkr 250
Fellingsløyve vald med planKalvkr 150
Fellingsløyve vald utan planVaksen hjortkr 330
Fellingsløyve vald utan planKalvkr 200

 

Klage

Du kan klaga på talet på dyr du har fått fellingsløyve for (og det teljande arealet som ligg til grunn for dette) innan ein frist på tre veker frå du mottok løyvet. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føra opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/villreinnemnda vil kunna gje deg rettleiing.

Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak kommunen har gjort, og Direktoratet for naturforvaltning for vedtak som villreinnemnda har gjort. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdera om det er grunn til å endra det. Dersom du ikkje får fullt medhald, vil saka gå vidare til klageinstansen.

Rettleiing

Godkjende vald treng ikkje å søkja om fellingsløyve. Kommunen (eller villreinnemnda) skriv ut eit årleg fellingsløyve og sender det til den valdansvarlege representanten. Finst det ein godkjend bestandsplan, blir alle fellingsløyva skrivne ut første året for heile bestandsplanperioden. Dette gjeld ikkje for villrein, der fellingsløyvet i alle høve blir skrive ut for kvart jaktår.

Snarvegar

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 26.01.2016
Bjørnefjorden landbrukskontor
Kommunetunet Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Bjørnefjorden landbrukskontor

Telefon :
56 58 01 38
Mobil :
488 93 664
E-post :
johan.bergerud@fusa.kommune.no
Tittel :
Landbrukskonsulent
Bunnhjørne