Søknadsfrist 1. mars for støtte til investering i husdyrhald

Innovasjon Norge i Hordaland har i løpet av januar 2016 mottatt ca 40 søknader om støtte til investeringar i husdyrhaldet. Dei har 21 mill kroner til disposisjon i 2016 til tilskot for denne målgruppa. Innovasjon Norge ber difor om at alle som har planar om å søkja i år, sender inn søknaden så raskt som mogleg, og innan 1. mars. Det er lite truleg at søknader etter denne datoen vil kunna få støtte i år.

Anna investeringsstøtte 

Innovasjon Norge i Hordaland presiserer at dette gjeld søknader om støtte til investeringar i husdyrhaldet. Det vil framleis vera mogleg å søkja om støtte til nye bygdenæringar og til planting av frukt også etter denne datoen.

Har du spørsmål, ta kontakt med:

  • avd.leiar Ole-Andreas Smette, tlf 930 27 842, e-post: olsme@innovasjonnorge.no 
 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 09.02.2016
Bjørnefjorden landbrukskontor
Kommunetunet Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30