SNOP 2017 - Strategisk Nærings- Og Produksjonsutvikling

 I samarbeid med Hordaland Fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge, hjelper rådgjevarar frå NLR Vest SA deg gjennom utviklingsprosessen på garden din.

Kurset startar 7. September på "Meieriet" i Odda

Strategisk Nærings- Og Produksjonsutvikling (SNOP) 

Kurset går over 12 dagar fordelt på 4 mnd.   
  1. samling: 7., 8. og 9. september
  2. samling: 27., 28. og 29. september 
  3. samling:19. og 20. oktober 
  4. samling: 9. og 10. november
  5. samling: 7. og 8. desember

 

Anten du skal overta gard, ynskjer å utvida eksisterande drift, starta ny næring innanfor tradisjonelt landbruk eller ei attåtnæring på garden, hjelper me deg å utvikla ein komplett forretningsplan.

Forretningsplanen er eit dokument som fortel andre kva idear du har og korleis du har tenkt å realisera dei. Det er og eit styringsdokument som hjelper deg å halda stø kurs mot målet.

Ein forretningsplan styrkjer dine moglegheiter når du skal:

  • Søkja byggjeløyve
  • Få lån til investeringar
  • Søkja tilskot
  • Oppnå suksess

Det kjem gjesteforelesarar frå Fylkesmannen si landbruksavdeling, kommunen, Innovasjon Norge og Kompetansenettverk Lokalmat Vest.

Kurset vert toppa med eksursjon til bønder i nærområdet.

Dette får du:

  • Komplett forretningsplan
  • Driftsplan
  • Kursbevis
  • God oppfølging under og etter kurset
  • Utvida nettverk

Kursprogram            Påmelding

 
Publisert av Heidi Chatrine Bergesen. Sist endra 23.06.2017
Bjørnefjorden landbrukskontor
Kommunetunet Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30