Seminar om urfe 28.-29. oktober

Urfe-seminaret finn stad på Fitjar. Måndag 29. oktober vert det arrangert ein spennande og inspirerande fagdag for å bli betre kjende med urfe og bruken av dei ulike rasane. Søndag 28. oktober er det lagt opp til gardsbesøk. Arrangørane lokkar i tillegg med utsøkt lunsj og foredrag ved den kjende kokken Bjarte Finne. Fagdagen passar både for produsentar og kokkar. Sjå program. (PDF, 195 kB)

På programmet står m.a.:

  • økonomi i mjølkproduksjon og i ammeku-, kastrat- og okseoppdrett med gamle rasar
  • marknadsvurderingar av urfe
  • status og utvikling for dei gamle rasane
  • gardsbesøk på Stord
  • lunsj og foredrag ved Bjarte Finne (tidlegare kjøkkensjef m.a. ved Flåm Hotell, "Hanne på Høyden" i Bergen og verdas beste restaurant "Noma" i København)

Påmelding snarast på e-post til ola.langleite@kvamssida.no.

Har du spørsmål? Ring 916 09 081 

Velkommen til ein inspirerande og lærerik dag, der me får kunnskap om noko av det mest tradisjonelle me har på Vestlandet!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 24.10.2018
Bjørnefjorden landbrukskontor
Kommunetunet Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30