Nytt frå landbrukskontoret

På denne sida vil Bjørnefjorden landbrukskontor med ujamne mellomrom publisera nyhende. Det kan vera t.d. informasjon om arrangement, viktige fristar eller informasjonsskriv til bøndene.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.10.2013
Nytt frå landbrukskontoret
(24.10.2018)

Midthordland skogeigarlag inviterer til skogdag laurdag 27. oktober kl. 11.30-14.00 på skytebanen i Strandvik. Vegen er merka frå Strandvik kyrkje. 

(24.10.2018)

Urfe-seminaret finn stad på Fitjar. Måndag 29. oktober vert det arrangert ein spennande og inspirerande fagdag for å bli betre kjende med urfe og bruken av dei ulike rasane. Søndag 28. oktober er det lagt opp til gardsbesøk. Arrangørane lokkar i tillegg med utsøkt lunsj og foredrag ved den kjende kokken Bjarte Finne. Fagdagen passar både for produsentar og kokkar. Sjå program. (PDF, 195 kB)

(19.09.2018)

Er du ung bonde under 35 år som driv ein gard eller skal starta opp i nær framtid? Velkommen til samling 19.-20. oktober på Voss. Påmelding snarast. Sjå meir informasjon. (PDF, 236 kB)

(26.06.2018)

Stiftinga Hordaland Landbruksselskap ber om forslag til kandidatar til «Fabrikkeier Anton Mindes Ærespris for framifrå gardsdrift». Utvida frist for å koma med forslag til kandidatar er 15. august. Sjå meir informasjon på Fylkesmannen i Hordaland sine nettsider.

(26.06.2018)

I samarbeid med Hordaland Fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge, hjelper rådgjevarar frå Norsk landbruksrådgiving (NLR) Vest SA deg gjennom utviklingsprosessen på garden din. I haust vert det skipa til SNOP 2018-kurs med seks samlingar. Start 17. september i Nordhordlandshallen i Knarvik i Lindås kommune. Sjå meir informasjon om program og påmelding på Norsk landbruksrådgiving si nettside.

(14.06.2018)

Bondens marked med støtte frå Fylkesmannen inviterer til gratis produsentseminar fredag 15. juni kl. 09.30-15.30 på Litteraturhuset i Bergen. Noko for deg? Sjå meir informasjon.

(12.04.2018)

Våren er her og det er tid for å gjera tiltak mot brunsneglar. Sjå informasjonsnotat frå landbrukskontoret (PDF, 374 kB)

(26.03.2018)

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om lite tap av sau og lam på utmarksbeite. Les Fylkesnytt! 

(23.06.2017)

 I samarbeid med Hordaland Fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge, hjelper rådgjevarar frå NLR Vest SA deg gjennom utviklingsprosessen på garden din.

Kurset startar 7. September på "Meieriet" i Odda

Strategisk Nærings- Og Produksjonsutvikling (SNOP) 

Kurset går over 12 dagar fordelt på 4 mnd.   
  1. samling: 7., 8. og 9. september
  2. samling: 27., 28. og 29. september 
  3. samling:19. og 20. oktober 
  4. samling: 9. og 10. november
  5. samling: 7. og 8. desember

 
(22.03.2017)

Frist for å søkje SMIL-midlar for 2017 er 1. april. Søknadsskjema finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Bjørnefjorden landbrukskontor
Kommunetunet Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30