Bjørnafjorden kulturskule

Fusa kulturskule og Os kulturskule er slått saman til Bjørnafjorden kulturskule frå 1. januar 2019. Undervisninga i Fusa er desentralisert, og skjer på skular eller samfunnshus rundt om i kommunen.

Undervisning

Der det er mest praktisk, blir undervisninga samla på ein stad. Undervisninga følgjer skuleåret.

Skuleåret 2018-2019 vert det gjeve følgjande opplæring:

  • Instrumentundervisning: Piano, hardingfele, keyboard, gitar/el-gitar/bass, ukulele og slagverk
  • Dans
  • "Musikk i livets begynnelse" (tilbodet vert gjeve av Fusa sokneråd. Ta kontakt med kyrkjekontoret).

Enkeltkurs blir utlyst og går i kortarere periodar. Undervisninga er ein til ein/enkeltundervisning (20 minutt/veke) eller gruppeundervisning på 5-6 elevar med noko lenger tid kvar gong. Gjennom skuleåret kan elevar få tilbod om å vera med på ulike arrangement.

Søknad

  • Opptak gjeld for eitt skuleår om gongen.

  • Bruk digitalt søknadsskjema.

  • Eksisterande elevar må registrera seg på nytt innan 1. april for neste skuleår.

  • Det hender det blir ledige plassar gjennom skuleåret, og kulturskulen tek i så fall inn elevar frå ventelista etter kvart.

Eigenbetaling

  • Satsar for eigenbetaling for ein elevplass i kulturskulen finn du i kommunen sitt gebyrregulativ (PDF, 649 kB). Sjå snarveg nedanfor. 

  • For kortare kurs gjeld eigne satsar.

  • Faktura for kulturskuleplass blir tilsendt i oktober og mars. 

  • Dersom ein slutter i løpet av året, må det likevel betalast skulepengar ut semesteret.

Instrument

  • Elevane må i hovudsak halda sine eigne instrument og evt. læremiddel. 

  • Kulturskulen har nokre instrument berekna til utleige. 

  • Ta kontakt for meir informasjon. 

Målgruppe

Barn og unge er primærmålgruppa, men vaksne kan òg søkja. Vaksne får tilbod dersom det er ledig kapasitet. Kulturskulen har som mål å gje plass til alle som ønskjer det (ope inntak).

Mål for kulturskulen:

  • Å gje den enkelte elev best mogleg høve til å utvikla sine musikalske og kreative evner og anlegg

  • Å medverka til verdfulle og varierte aktivitetar innan musikk- og kulturlivet i kommunen

Sal av tenester

Kulturskulen kan selja timar/undervisning til kulturliv, institusjonar eller skular i kommunen. For dette gjeld eigne satsar for eigenbetaling.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 14.01.2019
Bjørnafjorden kulturskule
Postboks 84
5202 Os
E-post : cbr@os-ho.kommune.no
Telefon
: 56 57 52 48

kontaktperson

Bjørnafjorden kulturskule

Telefon :
56 57 52 48
E-post :
cbr@os-ho.kommune.no
Tittel :
Kulturskulerektor
Bunnhjørne