Statlege spelemidlar

Kommunar, idrettslag og andre samanslutningar kan søkja om spelemidlar til idrettsanlegg.  Det kan søkjast om tilskot til:

  • nybygg og rehabilitering av anlegg for organisert idrett
  • nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for fysiske aktivitetar i tilknyting til buområde)

Fusa kommune sin frist for å fremja nye søknader er 10. oktober. Ta kontakt med kulturkontoret for meir informasjon.

Generelle krav

For idrettsanlegg med tilskot av spelemidlar gjeld mellom anna:

  • Anlegget skal ikkje drivast på kommersiell basis
  • Anlegget må vera med i ein vedteken kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Det er ein føresetnad at organisasjonane har gjeve innspela sine i planprosessen
  • Anlegget skal ha universell utforming (vera tilgjengeleg for personar med rørsle- og orienteringsvanskar)

For nærmiljøanlegg med tilskot av spelemidlar gjeld mellom anna:

  • Området skal vera fritt og allment tilgjengeleg
  • Anlegget skal ikkje dekkja behov for organisert idrettsaktivitet og vanlege idrettskonkurransar
  • Reine reiskapsleikeplassar (sandkasser, husker osb.) fell utanfor ordninga.

Kommunar, idrettslag og ikkje-kommersielle selskap med idrett som føremål, kan søkja om tilskot frå dei statlege spelemidlane. Velforeiningar og burettslag kan òg søkja tilskot til nærmiljøanlegg. Sjå eigne retningsliner for søknadsåret 2019.

Korleis søkja? Anleggsregisteret.no

Søknaden skal sendast elektronisk til kommunen. Du får tilgang til søknadsskjema og informasjon på nettsida www.anleggsregisteret.no.

Før du kan oppretta ein søknad må anlegget vera registrert i anleggsregisteret. Ditt lokale kulturkontor kan hjelpa deg med å ordna denne registreringa.

Kommunen skal òg gå gjennom søknaden og gjera ei prioritering av søknadane. Den lokale prioriteringa skjer som eit politisk vedtak i kommunestyret i desember.

Søknadane vert sende vidare til fylkeskommunen innan 15. januar kvart år. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden.

Idrettsfunksjonell godkjenning

Kommunane skal sjå til at søknadane er i tråd med retningsliner og forskrifter. Det må difor liggja føre ein søknad om idrettsfunksjonell godkjenning med ein plan for arbeidet som skal gjerast. Desse søknadane vert i dei fleste tilfelle handsama av kommmunen, og vedtak med vedlegg skal følgja den endelege søknaden om spelemidlar som eit av dei obligatoriske vedlegga.

Frist

Du kan få rettleiing om den idrettsfunksjonelle godkjenninga frå kulturkontoret. For at det skal vera tid til å få denne godkjenninga på plass og fremja ei politisk sak om prioritering av søknadane på kommunalt nivå, må nye søknadar om spelemidlar fremjast til kommunen innan 10. oktober.

Vidare handsaming i fylket

Kommunane har frist til 15. januar med å senda vidare ei prioritert liste over søknader. Fylkeskommunen skal innhenta dei opplysningane som er nødvendige for å avgjera saka. Deretter blir det gjort eit vedtak.

Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å venda deg til fylkeskommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Klagefrist

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klaga til fylkeskommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast.

Dersom du treng rettleiing, kan du venda deg til kommunen eller til fylkeskommunen. Lèt fylkeskommunen avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til Kulturdepartementet, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 30.01.2019
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30