Fusa symjehall

Fusa kommune sin symjehall ved skuleanlegga i Eikelandsosen har sesong: 1. september til 1. mai.

Opningstid:

  • Tysdagar 17.00-21.30
  • Torsdagar 17.00-21.30
  • Laurdagar 12.00-15.00

For prisar sjå avgiftsregulativ (PDF, 3 MB). Berre kontant betaling ved kjøp av billettar og kort.

Fredagar er det vassgym for vaksne kl 14.15-15.30 med instruksjon av fysioterapeut.

Bassenget er i utgangspunktet 16,5 m x 8 m. Etter rehabilitering har bassenget fått ein rampe som lettar tilgangen til bassenget for rørslehemma. Bassenget har også fått eit mini-basseng for dei minste på bassengkanten.  Det er badstover knytta til kvar garderobe.


Bruk av bassenget

Anlegget gjev eit godt høve til såvel symjetrening for dei minste som trim for vaksne. Å gå i symjehallen er ein viktig fritidsaktivitet særleg for barn og unge. Familiebading frå kl 17-20 tysdag og torsdag, og laurdag 12-15.Tida etter kl 20 tysdag og torsdag er for mosjonssymjing

Skulane er ein stor brukar av bassenget utanom dei faste opningstidene.

Organisasjonar kan også nytta hallen på ledige kveldar. I det siste har idrettsskulane hatt tilbod om bading i sitt program. Lag som er interesserte i å bruka symjehallen utanom dei faste opningstidene kan ta kontakt med kulturkontoret for avtale.

 

Varmtvassbading

Symjehallen vert også nytta av fleire grupper med særlege behov, t.d. fysisk funksjonshemma, dagsenter for psykiatri og dagsenter for psykisk utvklingshemma. Desse gruppene nyttar hallen på fredagar. Då er det 32 grader i vatnet.

 

Babysymjing

Fusa symjehall har også i periodar hatt tilbod om babysymjing. Er du interessert i eit slikt tilbod, må du ta kontakt med personalet. Kanskje me kan få til nye kurs.

Vi tek gjerne mot tips om korleis vi kan gjera tilbodet endå betre!
 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 01.02.2018
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - kultur - Fusa symjehall

Telefon :
56 58 14 35
Tittel :
Bademeister og reinhaldar
Bunnhjørne