Full pakke - tysdagstilbod i Fjorden arena

Kvar tysdag klokka 18-20 er det allsidige tilbod i Fjorden arena - i sjølve idrettshallen (sal 1) og rundt omkring på romma i 2. etasje. Tilbodet er for ungdomsskulealder og oppover. Velkommen!

"Full pakke" vert arrangert som eit samarbeidsprosjekt mellom Fjorden arena, Frivilligsentralen, flyktningetenesta og kultureininga i Fusa kommune.

Tysdagsope i Fjorden arena

Fjorden arena satsar på open kveld kvar tysdag klokka 18-20. Då er det rom for fleire aktivitetar i bygget til same tid. Og akkurat den aktiviteten du ønskjer kan bli gjennomført. For eksempel gaming, datakurs, bordtennis, badminton, strikkekveld, bok-/lesekveld, rc-bilar, bingo, sjakklubb, dansekurs, modellfly...

Tips oss gjerne om aktivitetar du ynskjer i hallen!

Nokre aktivitetar kan vera organiserte, kanskje med innleigd kurshaldar? Det kan vera fritt fram eller med påmelding. Andre aktivitetar kan de som brukar Fjorden arena arrangera sjølve.

Yoga

Frå tysdag 15. oktober vert det yoga med instruktør kvar veke.

Hallaktivitet

Sal 1 vil vera open for aktivitet klokka 17-18 for ungdomskuletrinnet og oppover. Der kan de ha ulike aktivitetar som badminton, volleyball, handball, innebandy osv.

Det kan bli forandring i planane - følg med! Dersom det er ledige rom, kan det koma aktivitet undervegs.

Det er gratis kaffi, te, saft og frukt i foajeen for alle som er i hallen.

Velkommen til full pakke i Fjorden arena tysdagar!  

Sjå programoversikt for aktuelle datoar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.10.2019
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30