Idrett

Fusa har eit allsidig idrettsliv. Særleg er kommunen kjend for eit aktivt skiskyttarmiljø. Andre idrettar med god rekruttering i Fusa er fotball, karate, hestesport og volleyball.

Fusa idrettsråd

Idrettslaga samarbeider gjennom Fusa idrettsråd. Leiar her er Liv Kilen, telefon 938 20 066. Fusa kommune møter fast i idrettsrådet og har ein tett dialog med den organiserte idretten.

Symjehallar

Kommunen har eit godt tilbod for symjing og vasstilvenning. Det er symjehallar både på Fusa og i Eikelandsosen.

Framo aktiv på Fusa har også treningsstudio og trening med instruktørar i både pilates, spinning m.m.


Idrettsanlegg

Det er også mange idrettsanlegg i kommunen. I seinare år har ein fått fleire ballbingar i nærmiljøa. Dei fleste idrettsanlegga er eigd og drivne av idrettslaga.

Fotball - 11-ar:

  • Krøllgrasbane på Fusa

  • Grasbane i Eikelandsosen

  • Grusabane i Eikelandsosen

  • Grasbane i Selvågen, Nordtveit

Volleyball:

  • 2 sandvolleyballbanar i Strandvik

  • Sandvolleyballbane på Fusa

  • Gymsal Eikelandsfjorden samfunnshus

  • Gymsal Fusa samfunnshus

Langrenn/skiskyting:

  • Langrennsløyper på Bygdastølen ski- og tursenter

  • Rulleskibane på Holdhus

Skytebanar:

  • Holdhus skytebane

  • Strandvik skytebane

Hestesport:

  • Ridebane i Strandvik

  • Fusa ridehall i Strandvik

Det vert arbeidd med å få bygd ein fleirbrukshall i Eikelandsosen.


Snarveg:

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 14.02.2012
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - kultur

Telefon :
56 58 01 53
E-post :
erik.vangsnes@fusa.kommune.no
Tittel :
Kulturleiar
Bunnhjørne