Kulturformidling

Fusa kommune driv med eit utstrekt kulturformidlingsarbeid, både ute i einingar og avdelingar og retta mot ålmenta. Særlege satsingsområde har vore barn og unge, eldre og utviklingshemma.

Den kulturelle skulesekken - Kulturnisto
Fusa kommune har ei aktiv kulturformidling gjennom barnehagar og skular. Den kulturelle skulesekken er ei statleg satsing inn mot grunnskulane, der kommunane mottek både øyrmerkte tilskot og sterkt subsidierte turnear. Den lokalhistoriske delen av dette arbeidet har namnet Fusanisto.

Den kulturelle spaserstokken
Fusa har eit interkommunalt samarbeid med Os, Samanger og Kvam for stimulera til meir kulturformidling på institusjonar og dagsenter for eldre.

Me vil og vera med - kultur for utviklingshemma
Fusa har eit interkommunalt samarbeid med Samanger og Vaksdal for styrka biblioteket som lokal formidlingsarena overfor menneske med utviklingshemming. Kulturprogram og tilbod er delfinansiert med tilskot frå Hordaland fylkesbibliotek og Nasjonalbiblioteket. Sjå "Me vil og vera med" sin eigen blogg.

Kulturkalender
I mange år har Fusa kommune hatt ein kulturkalender på nett. Send inn bidrag til kalenderen, slik at folk enkelt finn informasjon om tiltak og arrangement i nærmiljøet.

Tilskotsordningar
Fusa kommune gjev tilskot og underskotsgarantiar til lokale arrangørar som vil skapa lokalaktivitet. Sjå side om tilskotsordningar

Ungdommens kulturmønstring

Fusa arrangerte i 2013 Ungdommens kulturmønstring (UKM) saman med Os kommune i Oseana kunst- og kulturhus. UKM er for ungdom i alderen 10-20 år og vert arrangert lokalt i januar/februar. Sjå meir info på den nasjonale sida for ukm.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 23.01.2014
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - kultur

Telefon :
56 58 01 53
Mobil :
472 77 146
E-post :
erik.vangsnes@fusa.kommune.no
Tittel :
Kulturleiar
Bunnhjørne