Kulturarv

Fusa er ein kommune som er rik på historie og kulturarv. Fusa kan by på vakre kulturlandskap, særmerkte sjøbruksmiljø, ein eigen matkultur og ein uvanleg fin rekonstruert bunad. Vi har ein stor rikdom av fysiske kulturminne frå førhistorisk tid fram til i dag, eit levande bøkkarhandverk, folkemusikktradisjonar m.a. for tamburtromme, og eventyr og segner.

Dei mange historiske attraksjonane i Fusa er verd eit besøk og di merksemd.


Tilskotsordningar

Fusa kommune gjev tilskot til tiltak som gjeld kulturarv og kulturminne. Sjå elektronisk søknadsskjema. Gjeld søknaden bygningar knytte til gardseigedomar, er det lurt å snakka med landbrukskontoret for å vurdera om ein kan søkja om SMIL-midlar (Spesielle miljøtiltak i landbruket).


Norsk kulturarv

Fusa kommune var ein av medstiftarane av Norsk kulturarv. Norsk kulturarv er også eit viktig kompetansemiljø i arbeidet med vidareføra lokal kulturarv.


Kommunedelplan

Fusa kommune har ein eigen Kommunedelplan for kulturvern (PDF, 7 MB) frå 1998. Planen er ikkje rullert.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 11.12.2012
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30