Bygdekino logo
Bygdekino logo
Artiklar

Bygdekino

Bygdekinoen har kommunal konsesjon for kinoframsyning i Bygdaheimen på Holmefjord ein kveld i månaden. Kinoprogrammet finn du i aktivitetskalenderen og på Bygdekinoen si heimeside.

Kinotider:

  • Holmefjord torsdagar kl 18.00 og 20.00

  • Merk: Det kan vera kino andre vekedagar og andre tider. Sjekk alltid plakatane eller internett!


Digital kino

Bygdekinoen melder om ein gledeleg auke i gjestetalet etter digitalisering. I Fusa er det også gode besøkstal for kinoframsyningane på Holmefjord.


Lokale vilkår

  • Fusa kommune dekkjer underskot på kinokveldane og ein fast eigendel på kr 1 250 per kveld.

  • Huseigarane har ansvar for å hengja opp plakatar, klargjera lokala, vakthald og reinhald.

  • Til gjengjeld får huseigar overskotet frå kveldar med godt besøk.

  • Fusa kommune betaler ei fast leige av lokale per kveld.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 11.12.2012
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30