Fusa kulturkontor

Kulturkontoret i Fusa har ansvar for tenester på området kultur og idrett:

  • arrangement av ymse slag
  • folkebibliotek
  • folkehelse
  • friluftsliv
  • fritidsarbeid for menneske med utviklingshemming
  • idrett
  • musikkbinge - drift
  • planarbeid
  • politisk saksbehandling
  • prosjekt 
  • rettleiing og framhjelp
  • symjehall - drift

Arrangør

Kulturkontoret står som arrangør for konsertar, turar, teaterframsyningar, anten åleine eller i samarbeid med organisasjonar og institusjonar. Har ditt lag eller din skule eit ønske om å få vitjing av profesjonelle kulturkrefter, er det berre å ta kontakt. Kanskje kan ein få til eit samarbeidsarrangement eller du kan få nyttige tips til artistar og kulturinstitusjonar.

Framhjelp

Kulturkontoret gjev rettleiing og hjelp i ulike saker. Har du spørsmål som gjeld idrett, kulturvern, fritidstilbod, friluftsliv, song og musikk eller anna, er det berre å ta kontakt. Me gjev ei hjelpande hand både med søknadsskriving, planlegging og idéutvikling.

Idrett og friluftsliv

Idrettsanlegga i Fusa er drivne av private med unntak av nærmiljøanlegg ved skulane og Fusa symjehall. Fusa kommune gjev i alt kr 215 000 i tilskot til drift av private idrettsanlegg. I tillegg vert det kvart år gjeve kr 300 000 i investeringstilskot til bygging av private anlegg til idrett og friluftsliv.

Kulturleiar møter fast i Fusa idrettsråd, som er idrettslaga sitt kontaktorgan inn mot kommunen. Fusa har utarbeidd ein eigen Kommunedelplan for idrett og friluftslivsliv.

For friluftslivet er Bergen og omland friluftsråd (BOF) den viktigaste samarbeidspartnaren. BOF har ansvaret for friluftsområda Hagafjøra, Skjelavika og Fusaneset og arbeider med fleire nye tiltak i Fusa.

Kulturpris

Fusa kommune gjev omlag annakvart år ut ein kommunal kulturpris. Prisen kan gå til personar, institusjonar og organisasjonar som har gjort ein særleg fortenestefull innsats for kulturlivet i kommunen. Vedtaket om prisvinnar vert fatta av formannskapet etter innstilling frå ei eiga kulturprisnemnd.

Dei siste prisvinnarane har vore: Oddrun og Knut Skjelbreid (1998), Else Bodil Gjøn (1999), Gudrun Bolstad (2001), Liv Grete Skjelbreid Poirée (2004), Morten Holmefjord (2006), Ella Marie Brekke Vangsnes (2009), Are Fløisand (2011), Eikelandsosen skulemusikklag (2013) og Erik Vangsnes (2015).

Prisen vert lyst ut offentleg slik at alle som vil, kan koma med forslag til kandidatar.

Prosjekt

Det har vore ei rekkje prosjekt som har vore leia frå kulturkontoret dei siste åra, m.a. utgjeving av Fusa-CD, tusenårsfeiringa, Fusalauget og bygdebokprosjektet "Heilt andre tider".

Søknadsskjema:

Snarvegar:

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 16.02.2016
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - kultur

Telefon :
56 58 01 53
E-post :
erik.vangsnes@fusa.kommune.no
Tittel :
Kulturleiar
Bunnhjørne