Fritid

I Fusa er det eit variert og godt fritidstilbod. Det er mange ulike lag, organisasjonar og tilbod. Du finn  Fusa symjehall i Eikelandsosen og treningssenteret Framo aktiv på Fusa.

Mykje av aktiviteten skjer i regi av lag og organisasjonar.

Kulturskule og musikkbinge

Mange unge i Fusa får eit fritidstilbod gjennom Bjørnafjorden kulturskule.

Eit nytt kommunalt tilbod er ein musikkbinge ved Eikelandsfjorden samfunnshus, som står til disposisjon for lokale grupper både i og utanfor kulturskulen.

Fritidsklubben

Kulturkontoret driv ein fritidsklubb for menneske med utviklingshemming. Det vert òg periodevis arrangert idrettsskule for menneske med utviklingshemming, i samarbeid med idrettslaga i kommunen og Fusa idrettsråd.

Fritidstilbod for eldre

  • Fusa frivilligsentral har teke initiativ til fleire nye fritidsaktivitetar for eldre, m.a. senioruniversitet og turar på dagtid.

  • Kvar måndag kl. 15-17 er det seniordans på Fusa vidaregåande skule.

  • Mange nyttar også tilboda Framo aktiv (treningssenter) på Fusa og Fusa symjehall i Eikelandsosen.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 30.01.2019
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - kultur

Telefon :
56 58 01 53
Mobil :
472 77 146
E-post :
erik.vangsnes@fusa.kommune.no
Tittel :
Kulturleiar
Bunnhjørne