Fleirbrukshallen "Fjorden arena"

Fleirbrukshallen i Eikelandsosen vart offisielt opna 25. august 2019. Fjorden arena vil tilby noko for alle: E-sport, handball, volleyball, turn, badminton, klatring, dans, kafeteria, ein sosial møteplass, brettspel med meir.

Ope for IL og skular, snart også for enkeltpersonar

Frå og med måndag 26. august er idrettslag og skular i gang med å bruka Fjorden arena. Det er enno nokre tekniske ting med m.a. tilgangsstyring og betalingsordningar som må på plass før også enkeltpersonar kan ta tilboda i hallen i bruk. 

Følg med på Fjorden arena si facebook-side for oppdateringar!

Så langt er dette klart:

Avtaleskjema og vilkår for bruk av klatrehall og styrkerom

Les nøye gjennom brukarvilkåra. Skriv ut avtaleskjemaet og signer på at du har lese, forstått og akseptert vilkåra.

Ta signert skjema med deg til Fjorden arena, saman med bankkort eller smarttelefon med vipps, og ev. klatrekort.

Andre aktivitetar

Tips oss!

Er det noko du saknar i hallen? Har du spørsmål? Ta kontakt då vel!

  • Send ein e-post til embla.helland@fusa.kommune.no

Følg fleirbrukshallen på

Buldreveggen i klatrehallen var i flittig bruk. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Også i 2. høgda i klatrehallen er det laga til buldrevegg. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Eikelandsosen skulemusikklag sytte for flott musikk under opningsseremonien. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Så er Fjorden arena offisielt opna! | Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Ingeborg Vangsnes Dagleg leiar og aktivitetskoordinator i Fjorden arena Embla Helland strålte om kapp med sola på opningsdagen. | Fotograf: Erik Vangsnes Det var mykje folk både i salen og på tribunane under opningsfesten. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Det var meir enn fullt på tribunane under opningsfeiringa. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Tor André Ljosland, leiar for Utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland fylkeskommune, overrekte gåve til ordførar Atle Kvåle og aktivitetskoordinator/dagleg leiar Fjorden arena Embla Helland. | Fotograf: Terje Raunsgard Os-ordførar Terje Søviknes overrekte gåve til Fusa-ordførar Atle Kvåle. | Fotograf: Terje Raunsgard Salet av mat og drikke gjekk unna på opningsdagen. Turngruppa til Eikelandsfjorden IL stod for salet. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Barn og vaksne frå Fusa karateklubb hadde oppvisning. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Fotograf: Ingeborg Vangsnes Fotograf: Ingeborg Vangsnes Dei mange som tok turen innom klatrehallen fekk hjelp av instruktørar frå Os klatreklubb og vakter frå Fusa turlag. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Kulturleiar i Fusa og Os, Erik Vangsnes var konferansier. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Ordførar Atle Kvåle heldt opningstale. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Tor Børresen (t.h.) frå Hugås entreprenør overrekte ein plante til å ha i Fjorden arena, til Fusa kommune sin prosjektleiar Øystein Havsgård. | Fotograf: Terje Raunsgard Mødrene tok imot stipend frå Fusa idrettsråd/Sparebanken vest på vegner av volleyballspelarane Markus Mol og Eirik Åsmul. Idrettsrådet delte òg ut sin årlege ærespris. F.v. prisutdelar Rigmor Kilen frå sparebanken, Merita Mol, Lena Åsmul, æresprisvinnarar Lars Inge Vik og Bodil Vik og leiar i idrettsrådet Liv Nyheim Kilen. | Fotograf: Erik Vangsnes Ordførar Atle Kvåle klipte snora, med god hjelp av små og store komande brukarar av Fjorden arena. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Det var stor aktivitet i det flotte styrkerommet. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Ordførar Atle Kvåle takka hovudsponsorane til Fjorden arena: f.v. Fusa Kraftlag v/Kjetil Solberg, Trond Mohn v/Sverre Sørnes og Hordaland fylkeskommune v/Tor André Ljosland. | Fotograf: Terje Raunsgard Prosjektgruppa for Fjorden arena fekk blomar og takk: f.v. einingsleiar Teknisk drift Øystein Havsgård, fagansvarleg kommunal eigedom Stian Kvam, Rune Helland frå Eikelandsfjorden IL, leiar i Fusa idrettråd Liv Nyheim Kilen, kulturleiar Erik Vangsnes og aktivitetskoordinator idrettshall Embla Helland. | Fotograf: Terje Raunsgard Leiar i Fusa idrettsråd Liv Nyheim Kilen takka Sparebanken Vest v/Rigmor Kilen for tilskot til utstyr i hallen og årelangt samarbeid om idrettsstipend. | Fotograf: Terje Raunsgard Fotograf: Ingeborg Vangsnes Spretne turnarar frå Eikelandsfjorden IL imponerte. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Små og store turnarar frå Eikelandsfjordne IL si turngruppe hadde oppvisning. Etterpå let dei publikum frå prøva seg. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Desse karane gjekk straks i gang med volleyball. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Dagleg leiar i Hordaland idrettskrins Knut Songve delte ut eit vaffeljarn til leiaren i Fusa idrettsråd Liv Nyheim Kilen. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Volleyballgruppa i Strandvik IL hadde oppvisning og miniturnering ut på dagen. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Ikkje noko å seia på spensten!  | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Full konsentrasjon på spelarane frå volleyballgruppa til Strandvik IL. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Volleyballturnering i den flotte hallen med 9 meter under taket. Dermed er det råd å arrangera landskampar her! Salen kan òg delast av slik at fleire lag kan spela samtidig. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes Bodil Vik og Lars Inge Vik frå Strandvik IL fekk Fusa idrettsråd sin ærespris for lang og tru innsats for idretten i Fusa. | Fotograf: Ingeborg Vangsnes
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.10.2019
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - Kultur

Telefon :
56 58 01 00
Mobil :
974 73 186
E-post :
embla.helland@fusa.kommune.no
Tittel :
Aktivitetskoordinator/dagleg leiar Fjorden arena
Bunnhjørne
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - kultur

Telefon :
56 58 01 53
Mobil :
472 77 146
E-post :
erik.vangsnes@fusa.kommune.no
Tittel :
Kulturleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - kultur 

Telefon :
56 58 01 52
E-post :
heidi.skar.dale@fusa.kommune.no
Tittel :
Fritidskoordinator
Bunnhjørne