Helsestasjon og skulehelseteneste

Helsetasjonen i Fusa held til i andre høgda i nybygget til Fjord'n senter i Eikelandsosen. Det skal vera låg terskel inn til oss. Dersom du er i tvil om du skal ta kontakt med oss, så gjer det! Hugs at time for faste kontrollar og vaksinering må tingast på førehand.

Oppgåvene til helsesjukepleiarane er mellom anna:

  • Førebyggjande arbeid
  • Heimebesøk til familiar med nyfødde barn og ved behov
  • Helsestasjon – rutinemessige konsultasjonar og vaksinasjon
  • Helsestasjon for ungdom
  • Helseteneste for flyktningar
  • Rettleiing og rådgjeving - vi svarar på spørsmål
  • Skulehelsetenesta
  • Tuberkulosearbeid
  • Tverrfagleg samarbeid                                  

Helsestasjon for ungdom

Dette er ei teneste for ungdom i alderen 13-20 år. Her kan du få svar på spørsmål, snakka om emne du er oppteken av, få teke prøvar og graviditetstest, få reseptar og prevensjonsrettleiing. Tenestene er gratis.

Det er ikkje fast kontortid for dette tilbodet. Ta kontakt på telefon for nærare avtale.


Skulehelsetenesta

Dette er eit tilbod til elevar i grunnskulen og vidaregåande skule for å medverka til at dei tek ansvar for eiga helse. Tenesta er gratis. Helsesjukepleiar og andre som arbeider i skulehelsetenesta har teieplikt, men har nær kontakt med lærarar og andre faggrupper.

Skulehelsetenesta gjev mellom anna desse tilboda:

  • Konsultasjon hos helsesjukepleiar og lege før skulestart

  • Konsultasjon hos helsesjukepleiar i andre klasse

  • Tilbod om vekt og lengdemåling i tredje og åttande klasse

  • Tilbod om vaksinasjon

  • Oppfølging av enkeltelevar etter behov

  • Kontortid for samtale med enkeltelevar, grupper eller klassar

Helsesjukepleiarane har delt skulane mellom seg slik:

  • Astrid Gaupholm: Fusa ungdomsskule 
  • Aslaug Singelstad: Fusa skule, Søre Fusa skule og Fusa ungdomsskule
  • Ingvild Ekeberg: Nore Fusa skule og Hålandsdalen montessoriskule
  • Susanne Ulvenes: Eikelandsosen skule og Fusa vidaregåande skule 
  • Randi Haugse Rød: Strandvik montessoriskule og Vinnes friskule 

Ta kontakt med skulen din, så får du vita kva dagar helsesjukepleiar er på skulen og kva telefonnummer ho er å treffa på!

Vaksinasjon

Departementet har fastlagt eit nasjonalt program for vaksinering mot smittsame sjukdommar. Kommunehelsetenesta i Fusa tilbyr dette programmet til innbyggjarane. Helsestasjonen og skulehelsetenesta i Fusa kommune følgjer dei nasjonale retningslinene for vaksinasjon. Du kan sjå oppdatert informasjon om barnevaksinasjonsprogrammet hjå folkehelseinstituttet.

Treng du tuberkulintest og vaksinasjon mot tuberkolose, ring helsestasjonen for timebestilling.

Vaksine før reiser utanlands for vaksne og/eller barn får du hos fastlegen.

Skjema:

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.10.2019
Helse, familie og velferd
Nye Fjord'n Senter, 2. etasje, Leiro 33 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

kontaktperson

Helse, familie og velferd - helsestasjon

Kontortid ty, to + ons i oddetalsveker

Mobil :
489 96 272
E-post :
ingvild.ekeberg@fusa.kommune.no
Tittel :
Helsesjukepleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Helse, familie og velferd - helsestasjon

Kontortid mån-fre

Mobil :
416 02 082
E-post :
astrid.gaupholm@fusa.kommune.no
Tittel :
Leiande helsesjukepleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Helse, familie og velferd - helsestasjon.

Kontortid tys-fre

Mobil :
488 93 681
E-post :
randi.haugse.rod@fusa.kommune.no
Tittel :
Helsesjukepleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Helse, familie og velferd - helsestasjon.

Kontortid kvar månd, onsd og torsd. + tysd i partalsveker

Mobil :
979 65 039
E-post :
susanne.ulvenes@fusa.kommune.no
Tittel :
Helsesjukepleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Helse, familie og velferd - helsestasjon

Kontortid mån-fre

Mobil :
469 37 521
E-post :
aslaug.singelstad@fusa.kommune.no
Tittel :
Helsesjukepleiar
Bunnhjørne