Jordmortenesta

Fusa kommune har ei jordmor tilsett i 50 % stilling ved helsestasjonen i Eikelandsosen. Kontortida er kvar måndag og fredag pluss onsdagar i partalsveker. Du kan bestilla time på sms, e-post eller telefon.

Svangerskapsomsorg

Målet med jordmortenesta er å medverka til auka kunnskap og tryggleik i den viktige tida gjennom svangerskap og fødsel.

Kvinner har rett til svangerskapsomsorg hjå jordmor. Kommunane pliktar å gje gravide som ønskjer det, tilbod om oppfølging hjå jordmor ved helsestasjon.

Tenesta er heimla i Forskrift om helsestasjons- og skulehelseteneste § 2-1 og 2-3. 

Målgruppe

  • Kvinner/par som ventar barn

  • Barselkvinner/par og nyfødde spebarn

  • Kvinner/par som planlegg graviditet

  • Kvinner/par som ønskjer prevensjonsrettleiing

Kva omfattar tenesta til gravide? 

  • samtale, råd og rettleiing om sentrale tema innan helse, livsstil og graviditet

  • helsekontroll i graviditet

  • tilvising (henvisning) ved behov

  • førebuing til fødsel, amming og foreldreskap

  • hjelp til familieplanlegging/val av prevensjon

Snarvegar til ekstern informasjon og tenester

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 29.07.2019
Helse, familie og velferd
Fjord'n senter, 2. høgd Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

kontaktperson

Helse, familie og velferd - jordmortenesta.

50 % stilling - kvar måndag og fredag + onsdagar i partalsveker.

Timebestilling på sms, e-post eller telefon.

Telefon :
56 58 01 62
Mobil :
489 96 272
E-post :
Ingvild.Ekeberg@fusa.kommune.no
Tittel :
Jordmor og helsesjukepleiar
Bunnhjørne