Pasientrettar

I Noreg blir pasientane sine rettar teke vare på gjennom Pasientrettslova. Formålet med lova er å sikra at alle skal ha lik tilgang på helsehjelp av god kvalitet. Lova tek omsyn til m.a. rett til medverknad og informasjon, barn sine rettar, journalinnsyn og eventuelle klager.

Pasientombod

Pasientombodet kan gje informasjon og hjelp både til pasientar og pårørande. Pasientombudet for Hordaland er  lokalisert i Bergen. 


Norsk pasientskadeerstatning (NPE)

Norsk pasientskadeerstatning er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Dei behandlar erstatningskrav gratis, for pasientar som er blitt påført skade av helsevesenet. 


  • Telefon: 22 99 45 00

  • Postadresse: Norsk pasientskadeerstatning, Postboks 3 St. Olavs plass, 0130 Oslo

  • E-post: npepost@npe.no


Helsetilsynet

Helsetilsynet er klageinstans om ikkje klagen fører fram lokalt. Helsetilsynet/fylkeslegen ligg administrativt under Fylkesmannen i Hordaland. 

Publisert av Fredrik Thorsen. Sist endra 11.12.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30