Treng du nokon å snakka med om demens?

Har du spørsmål om demens? Treng du eller nokon du kjenner ein å snakka med? Lurer du på kva for tilbod som finst for personar med demenssjukdommar og for pårørande i Fusa? Demenskontakten i Fusa kommune kan hjelpa deg.

Fusa kommune har frå 1. mai 2019 oppretta ei 60 % ressursstilling innan demensomsorga, for å gi hjelp og rettleiing både til personar med demens og pårørande. 

Vernepleiar Anne-Siv Skåthun Berge er tilsett i stillinga. Ho har arbeidsdagar tysdag, torsdag og fredag. Du er velkomen til å ta kontakt med henne. Sjå kontaktinformasjon på sida.

Tilbod til personar med demens i Fusa

Treng du eller dine
  • hjelpemidlar og tilrettelegging i heimen?
  • informasjon og hjelp til å søkja helsehjelp eller få stilt diagnose?
  • middag levert på døra?
  • noko å fylla dagane med, som plass på dagsenter?
  • hjelp til transport?
  • heimehjelp?
  • heimesjukepleie?
  • ein pause i ein krevjande kvardag og litt avlasting?
  • ein møteplass for pårørande?

Ta kontakt med demensvernepleiaren. Ho kan gi deg informasjon om kva for tenester Fusa kommune har til personar med demens, og formidla kontakt med dei ulike tenestene.

Fusa demensforening

Det finst òg ei demensforeining i Fusa. Vil du ha kontakt med dei? Sjå eiga brosjyre eller følg dei på Facebook.

Sansehagen

Ved Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) er det laga til ein hage for å stimulera alle sansar og gi gode opplevingar til personar med demens og andre. Her finn du m.a. hønsehus, mjølkerampe, reiskapsbod, frukttre, natursteinsmurte blomebed og grue. Hagen er open for pasientar og pårørande. 

Du finn meir informasjon på ei eiga nettside om sansehagen.

Leitar du etter meir informasjon?

Du finn nyttig informasjon om demens på fleire landsdekkande nettsider. Bruk lenkene nedanfor.

  • Demenslinjen - telefon 23 12 00 40

Nasjonalforeningen for folkehelsen har ei eiga nasjonal telefonteneste der helsepersonell svarar på spørsmål om demens og gjev råd og hjelp. Du finn meir informasjon på nettsida deira.

  • "Tid til å være ung"

Er du ungdom og har far eller mor eller andre i familien med demens? Nettsida "Tid til å være ung" er for laga for deg.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.05.2019
Tenestekontoret
Nye Fjord'n Senter, 2. etasje, Leiro 33 Postboks 24
5649 Eikelandsosen

Mobil
: 404 49 455
Opningstid
: 08.00-15.00

Heimetenester - demensomsorg:

Kontordagar tysdag, torsdag, fredag + dagsenter måndag og onsdag.

Telefon :
475 08 072
E-post :
Anne-Siv.Skathun.Berge@fusa.kommune.no
Tittel :
Vernepleiar i demensomsorga
Bunnhjørne