Heimesjukepleie

Tenesta vert gitt til personar som bur eller oppheld seg i kommunen og som treng slik teneste, der: 

  • Sjukdom, skade eller lyte gjer at ein ikkje kan klara seg utan helsehjelp heime
  • Andre hjelpetiltak, velferdsteknologi som til dømes tryggleiksalarm, eller hjelpemidlar, ikkje er tilstrekkeleg
  • Brukar av helsemessige årsaker ikkje klarer å oppsøkja legekontor for til dømes sårstell, vektkontroll, injeksjonar og liknande
  • Det er trong for kartlegging av hjelpebehov

Heimesjukepleien kan hjelpa til med oppgåver som personleg hygiene, medisintillaging, sårstell og tilsyn.

Behov for heimesjukepleie kan meldast skriftleg eller munnleg til pleie- og omsorgsavdelinga i det området der du bur. Vi tek så eit heimebesøk for å vurdera behovet.

Tenesta er gratis.

Heimesjukepleie er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester.


Søknadsskjema:

Sjå meir informasjon:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.07.2018
Tenestekontoret
Nye Fjord'n Senter, 2. etasje, Leiro 33 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 70

Opningstid
: 08.00-15.00
kontaktperson

Pleie og omsorg

Telefon :
56 58 02 15
E-post :
gro.elisabeth.almas@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne