Heimehjelp

Heimehjelp og praktisk bistand vert gjeve til personar som er heilt avhengige av hjelp til dei praktiske gjeremåla i kvardagen.

Tenesta skal medverka til at brukaren greier mest mogleg sjølv og blir minst mogleg avhengig av hjelp frå andre. Døme på oppgåver ein kan få heimehjelp til er reingjering, klesvask og handling. 

Omfang og betalingssatsar

Vanleg nivå på heimehjelp i Fusa er 1-2 timar kvar 14. dag, men det skal gjerast ei individuell vurdering ved kvar søknad.

Eigenbetalinga følgjer Fusa kommune sine satsar for heimehjelp, slik dei går fram avgiftbudsjettet som er vedteke av kommunestyret. Satsane vert justerte 1. januar kvart år.

Heimehjelp er heimla i Helse- og omsorgstenestelova.

Søknadsskjema:

Sjå meir informasjon:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.07.2018
Tenestekontoret
Fjord'n senter, 2. høgda Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 70

Opningstid
: 08.00-15.00
kontaktperson

Pleie og omsorg

Telefon :
56 58 02 15
E-post :
gro.elisabeth.almas@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne