Bu-rettleiing

Føremål: Bu-rettleiing er eit tilbod til deg som treng rettleiing for å mestre å bu i eigen bustad. Målsettinga er å betre bu-evne og redusere behov for langsiktig oppfølging. Prioriterte søkjarar vil vere unge vaksne og barnefamiliar. Tenesta fungerer som ei ute/heimeteneste (ambulerande) og er diagnoseuavhengig.

Kva kan du få hjelp til?

  • Skaffe og behalde eigen bustad
  • Praktisk opplæring/bu-trening
  • Rettleiing på ernæring og matlaging
  • Personleg økonomi – økonomistyring
  • Bistand til å fungere i lokalmiljøet, sosial trening
  • Nettverksbygging for å førebyggje isolasjon
  • Sjukdomsmestring og medisinhandtering
  • Rettleiing til nettverk og pårørande
  • Sysselsetjing og fritidsaktivitetar
  • Koordinering av tenester

 

Søknadsfrist: Det er ingen søknadsfrist. Søknader handsamast fortløpande.

Søknadsskjema : Søknad om kommunale helse- og omsorgstenester

Du kan ringe Tenestekontoret på tlf. nr. 56 58 01 70 dersom du treng meir informasjon, søknadsskjema eller hjelp til søknaden.

Send søknaden til

Tenestekontoret,

Postboks 24,

5649 Eikelandsosen

Krav til søkjar: Tenesta tildelast til personar over 18 år med behov for oppfølging for å meistre å bu i eigen bustad. Det er ikkje krav til diagnose.

Kva kostar det?

Bu-rettleiing er for tida ei gratis teneste.

Omfang av tenesta?

Tenesta er tidsavgrensa. Utforming av innhald i tenesta vil skje i samarbeid med deg som søkjar, med mål om å finne løysingar for at du kan mestre eige «liv» og oppleve god livskvalitet.

Kven er vi?

Vi er eit Tverrfagleg team for bu-rettleiing samansett av vernepleiar ROP (Rus- og psykiatri), bu-rettleiar og sosialkonsulentar i og utanfor NAV. Vi vil kartleggje og lage eit individuelt tilpassa oppfølgingstilbod for deg. Teamet kan også samarbeide med andre tenesteytarar, som for eksempel heimetenesta, psykisk helseteneste, fastlegar, barnevern eller behandlingsinstitusjonar.

Kva kan du forvente av oss?

Bu-rettleiar, vernepleiar aller annan tenesteytarar kjem heim til deg,  kartlegg din situasjon og finn løysingar saman med deg, slik at du får hjelp til å mestre det som er viktig for deg. Vi kan også følgje deg opp på aktivitetar utanfor heimen. Vi støtter og rettleiar deg i å utføre aktivitetar i staden for å gjere dei for deg. Evaluering og justering av mål og innhald, skjer undervegs.

Kva forventar vi av deg?

At du er motivert og gjer ein innsats for å oppnå større mestring i dagleglivet.

 

Publisert av Heidi Chatrine Bergesen. Sist endra 07.02.2018
Tenestekontoret
Fjord'n senter, 2. høgda Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 70

Opningstid
: 08.00-15.00