Tenestekontoret

Tenestekontoret i Fusa kommune handsamar søknader om kommunale helse- og omsorgstenester. Eit tverrfagleg personale med brei kompetanse tek seg av sakshandsaminga. 

Sakshandsamarane er henta frå dei ymse einingane innan helse og omsorg: 

  • Solgunn Snilstveit - Pleie og omsorg, avd. Fusa bu- og behandlingssenter
  • Ragnhild Bjørke - Helse, familie og velferd, avd. Rehabilitering
  • Bodil Lunde Hansen - Pleie og omsorg, avd. Heimetenester
  • Lisbeth Henriksen - Helse, familie og velferd, avd. Sosiale tenester

Opningstid

  • Tenestekontoret er tilgjengeleg på telefon 56 58 01 70 kvar dag kl 08-15.
  • Kontoret held til i 2. høgda i Fjord'n Senter.
  • Dei tilsette er enklast å treffa på telefon, då dei tidvis er ute på oppdrag.

Meldingspasientar

Tenestekontoret skal også ta imot meldingspasientar frå spesialisthelsetenesta. I helg og høgtid vil ansvarssjukepleiar ved Fusa bu- og behandlingssenter ta imot desse på dagtid.

Tenestekontoret handsamar følgjande saker:

  • Praktisk bistand daglege gjeremål
  • Brukarstyrt assistanse (BPA)
  • Dagsenter
  • Matombringing
  • Tryggleiksalarm
  • Avlasting utanfor institusjon
  • Avlasting i institusjon
  • Støttekontakt
  • Omsorgsløn
  • Omsorgsbustad
  • Annan bustad
  • Heimesjukepleie
  • Psykiatrisk helseteneste
  • Rehabilitering utanfor institusjon
  • Dagopphald
  • Korttidsopphald institusjon
  • Langtidsplass institusjon
  • Bustøtte
  • Tilskot til etablering og utbetring

Tenestekontoret skal også vera kontaktadresse og kontakttelefon for rehabiliteringsteamet (koordinerande eining).

 

Søknadsskjema

Du finn søknadsskjema som du kan skriva ut på sjølvbeteningssida vår:

Du kan også få søknadsskjema ved å ta kontakt med heimesjukepleien, Fusa bu- og behandlingssenter eller Kommunetunet.

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.02.2017
Tenestekontoret
Fjord'n senter, 2. høgda Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 70

Opningstid
: 08.00-15.00
kontaktperson
Tenestekontoret månd. i oddetalsveker
Telefon :
56 58 01 70
Tittel :
Kommuneergoterapeut
Bunnhjørne
kontaktperson
Tenestekontoret tysd + fred
Telefon :
56 58 01 70
Tittel :
Sjukepleiar
Bunnhjørne
kontaktperson
Tenestekontoret tysd + torsd
Telefon :
56 58 01 70
Tittel :
Ressurssjukepleiar
Bunnhjørne

Tenestekontoret månd i oddetalsveker + tysd og onsd

Telefon :
56 58 01 70
Tittel :
Sosialkonsulent
Bunnhjørne