Kommunepsykolog

Kommunepsykologtenesta er eit nytt tenestetilbod i Fusa kommune frå hausten 2016. I oppbyggingsfasen skal dette vera eit lågterskeltilbod for barn og unge og deira familiar. 

Tilvisingsskjema til kommunepsykolog (PDF, 38 kB)

Tenesta er organisert under eining Helse, familie og velferd, og samarbeider tett med helsestasjonen. Tilvising skjer via skjema (PDF, 38 kB) til helsestasjonen.

Målgruppe

Barn, unge og deira familiar som oppheld seg i Fusa kommune. Alder 0-20 år.

I oppbyggingsfasen vil barn og unge og deira familiar verta prioriterte. Tilbodet skal etter kvart utvidast til andre grupper. Det vert informert om dette via heimesida når det er klart.

Tilbod

Utgreiing/vurdering, diagnostisering og behandling av lettare psykiske helseplager.

Psykologen gir tilbod om direkte hjelp til barnet, ungdomen og familien. Psykologen sin faglege kompetanse skal òg:

  • bidra til å styrkja det tverrfaglege samarbeidet kring barn og unge
  • bidra med tidleg intervensjon og behandling for å førebyggja psykiske problem og lidingar
  • bidra med konsultasjon og rettleiing til anna personell som arbeidar med barn og unge

Kvar held psykologen til?

Kommunepsykologen har kontor ved eining Helse, familie og velferd som er lokalisert i 2. etasje på Fjord’n senter i Eikelandsosen. 

Kva kostar tenesta?

Tenesta er gratis.

Andre arbeidsoppgåver

Kommunepsykologen er del av kjernegruppa i tverrfagleg team, som har som mål å støtta god oppfølging av barn, unge og familiar i risiko, også barn som er pårørande.

Kommunepsykologen er òg med i psykososialt kriseteam i Fusa kommune, som tilbyr hjelp ved sorg, kriser og katastrofar.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 19.10.2016
Helse, familie og velferd
Fjord'n senter, 2. høgd Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

kontaktperson

Helse, familie og velferd

Telefon :
404 37 838
E-post :
Line.Skiftesvik@fusa.kommune.no
Tittel :
Kommunepsykolog
Bunnhjørne