Tryggleiksalarm

Fusa kommune har tilbod om tryggleiksalarm til eldre og funksjonshemma som ønskjer å bu heime, men som av ulike årsaker kjenner seg utrygge og skal kunna tilkalla hjelp ved behov.

Alarmen er knytt opp til fasttelefon eller mobiltelefon i heimen til søkjar. Brukaren ber tryggleiksalarmen på seg for å kunna tilkalla hjelp i akutte situasjonar. 

Tryggleiksalarmen er knytt til ein vaktsentral, som formidlar melding til brukaren sin kontakt (nabo, familie, i nokre høve heimetenesta) dersom det er behov for hjelp. Denne formidlinga går for tida via Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS).


Eigenbetaling

Brukaren betaler ein eigendel. Satsane for eigenbetaling finn du i gebyrregulativet for Fusa kommune, som vert vedteke av kommunestyret. Dei vert reviderte pr. 1.1. kvart år.


Kontaktpersonar:

  • Leiar for avdeling Rehabilitering i eining Helse, familie og velferd

  • Kommuneergoterapeuten 

  • Sjå kontaktinformasjon til høgre på denne sida

Søknadsskjema:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.11.2015
Tenestekontoret
Nye Fjord'n Senter, 2. etasje, Leiro 33 Postboks 24
5649 Eikelandsosen

Mobil
: 404 49 455
Opningstid
: 08.00-15.00
kontaktperson

Helse, familie og velferd

Telefon :
56 58 01 77
Mobil :
928 68 355
E-post :
anne.skagseth@fusa.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar
Bunnhjørne

Helse, familie og velferd - rehabilitering + Tenestekontoret
Arbeidstid: må-ty, to-fre

Mobil :
404 15 541
E-post :
Ann.Kristin.Naess@fusa.kommune.no
Tittel :
Kommuneergoterapeut
Bunnhjørne